Hopp til innhold

Dick Cheney korrupsjons-tiltalt

Den nigerianske påtalemakta opplyser at dei vil tiltale USAs tidlegare visepresident Dick Cheney for korrupsjon.

Dick Cheney

Dick Cheney blir tiltalt for korrupsjon i Nigeria.

Foto: SUSAN WALSH / AP

Ein talsmann for nigeriansk økokrim seier at Cheney vil bli tiltalt for forhold frå då han var toppsjef i Halliburton sitt oljeselskap frå 1995 til 2000, melder nettstaden Voanews.com .

Sist veke gjekk politiet til aksjon mot kontora til Halliburton i den nigerianske hovudstaden Lagos. 10 personar vart pågripne, men dei vart seinare sette fri.

Korrupsjonen skal ha skjedd i samband med tildelilng av konsesjonar på nye gassfelt i Nigeria.

Tiltalen blir truleg teken ut i komande veke, opplyser talsmannen. Også ein tidlegare leiar for Haliburton i Nigeria vil bli tiltalt, heiter det. Det blir truleg også teke ut tiltale mot leiarar i det europeiske selskapet Technip SA, Eni og Saipem.

LES OGSÅ: Bush: Sjokkert over at vi ikke fant masseødeleggelsesvåpen

LES OGSÅ: Bush vurderte å droppe Cheney

LES OGSÅ: Dick Cheney fikk hjerteinfarkt

LES OGSÅ: – Riggarbeidernes feilvurdering er et mysterium

LES OGSÅ: Innrømmer testtabbe i Mexicogolfen

SISTE NYTT

Siste nytt