Fleire menneske er skadde i uroa, og mange er pågripne av politiet. Det starta med ein gruvearbeidarprotest, men mange andre frustrerte grupper har slutta seg til protestane.
Gruvearbeidarar frå heile Spania har arrangert ein marsj mot Madrid, der dei først samla seg på Puerta del Sol i sentrum av byen.
Den svarte marsjen
Politiet gjekk hardt til verks mot ein del av demonstrantane i Madrid.
Foto: DOMINIQUE FAGET / AfpGruvearbeidarane har gitt marsjen namnet «marcha negra», den svarte marsjen.
Regjeringa kuttar subsidiane til gruveindustrien med 60 prosent, noko næringa fryktar kan tvinge mange gruveselskap til å måtte leggje ned. Andre menneske har gått saman med gruvearbeidarane for å protestere, og fleire titusen menneske deltek i protestane i byen denne ettermiddagen.
Det er andre enn dei vel 200 svartkledde gruvearbeidarane som utfordrar politiet. Desse demonstrantane kastar stein og flasker mot politiet, som svarar med tåregass og i nokre tilfelle gummikuler.
Den verste uroa fann stad utanfor fotballklubben Real Madrid si heimebane Santiago Bernabeu.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
24 prosent arbeidsløyse
Gruvearbeidarane tok initiativ til protestane i Madrid, men mange andre grupper har slutta seg til dei.
Foto: ANDREA COMAS / ReutersDen økonomiske krisa i Spania er svært alvorleg, arbeidsløysa er på rekordhøge 24 prosent, og dei harde kutta i offentlege utgifter har ført til raseri blant dei som er avhengige av hjelp frå det offentlege for å greie seg.
Blant unge menneske er den reelle arbeidsløyse rundt 40 prosent.
I dag lanserte den spanske regjeringa planar om nedskjeringar på nesten 500 milliardar kroner dei neste to og eit halvt åra. Momsen blir auka med tre prosent, og budsjettkutta blir merkbare for dei fleste spanjolar.
Statsminister Mariano Rajoy vart fleire gonger avbroten av opposisjonen då han la fram kuttplanen i parlamentet i dag. Men den konservative statsministeren gjorde det klart at kutta var heilt naudsynte for at Spania skal få garantiar frå EU.
Denne mannen er treft av ei av politiet sine gummikuler under tumultane i Madrid.
Foto: APTVKraftige offentlege kutt
Spanias statsminister Mariano Rajoy seier at kutta er heilt naudsynte for Spania.
Foto: DANI POZO / AfpHer er nokre av kutta: Momsen går opp frå 18 til 21 prosent. Moms på transport, hotell og mat går opp frå 8 prosent til 10 prosent, medan momsen på brød, medisin og bøker farmleis skal vere på fire prosent.
Det blir slutt på julebonusar i offentleg sektor. Ingen får arbeidsløysetrygd i meir enn seks månader. Alle støtteordningar til politiske parti og fagforeingar blir kutta med 20 prosent.
Gruvearbeidaren Carlos Marcos meiner kutta i subsidiane er altfor store:
- Vi ber om at dei kuttar 10 prosent i staden for 60. Om dei ikkje lyttar til oss, kjem vi tilbake med dynamitt, seier han til nyheitsbyrået Reuters.
Gruvearbeidarane kallar protestmarsjen sin for marcha negra, den svarte marsjen.
Foto: DOMINIQUE FAGET / AfpGruvearbeidarar frå heile Spania har marsjert til Madrid for å protestere mot nedskjeringane.
Foto: Emilio Morenatti / Ap