Hopp til innhold

Grov fram spor frå Jesu tid

Arkeologar har for første gong grave fram restar av bygningar frå tida då Jesus vaks opp i Nasaret.

Prest Jaques Icaram og Marc Hodara frå det kristne Maria-senteret i Nasaret ser på utgravingane.

Presten Jaques Icaram og Marc Hodara frå det kristne Maria-senteret i Nazareth ser på utgravingane.

Foto: Jack Guez / Scanpix/AFP

LES OGSÅ: Forsker hevder hun fant Jesu «dødsattest»

LES OGSÅ: Paven i heimbyen til Jesus

Utgravingsområdet er like ved Marias bodskapskyrkje i Nasaret.

Utgravingsområdet er like ved Marias bodskapskyrkje i Nazareth.

Foto: Gil Cohen / Scanpix/Reuters

Det sjeldne funnet gir håp om at det kan bli mogleg å finne ut meir om korleis livet i den israelske byen var i tida då Det nye testamentet fortel at Jesus budde der.

Isolert busetnad

Utgravinga berre nokre få dagar før jul viser at Nasaret var ei isolert busetjing med rundt 50 hus på eit område på om lag 16.000 kvadratmeter. Det ser ut til at det budde stort sett fattige jødar her på denne tida, og huset dei no har grave fram har ein gang til ei godt gøymd grotte.

Truleg brukte dei slike grotter for å gøyme seg frå dei romerske okkupantane. Det var på Jesus si tid ofte kamphandlingar mellom jødiske opprørarar og romerske soldatar i dette området.

Grotta som no er funne hadde truleg plass til seks personar.

Jaques Icaram er prest i Marias bodskapskyrkje.

Jaques Icaram er prest i Marias bodskapskyrkje.

Foto: Gil cohen Magen / Scanpix/Reuters

Arkeolog Yardena Alexandre seier at dei har funne lite spor etter glas eller importerte varer, og at dette kan tyde på at det var fattige menneske som budde her. Men funna kan ikkje seie noko om dei som budde her var handelsfolk eller bønder.

Glede blant kristne

Funnet har skapt glede blant dei kristne i heimbyen til Jesus. Marc Hodara frå det kristne Maria-senteret seier at funna vil bli ein del av eit utstillingane til senteret i Nasaret.

- Funna frå denne tida, frå denne perioden, er svært interessante, spesielt for oss kristne. For meg er dette ei stor gåve, seier fader Jack Karam frå Marias bodskapskyrkje, som ligg like i nærleiken.

Marias bodskapskyrkje er reist på staden der ein trur Maria møtte erkeengelen Gabriel, og han fortalde henne at ho skulle bere fram eit barn som var Guds son.

Israelske arkeologar i arbeid i Nasaret 21. desember 2009.

Utgravingane i Nasaret har vekt stor interesse blant kristne.

Foto: Jack Guez / Scanpix/AFP

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt