Hopp til innhold

Greta Thunberg ber om klimavenleg skyss til Madrid

Greta Thunberg er i USA og var på veg til Chile. No er klimatoppmøtet flytta til Spania, og 16-åringen ber om hjelp til å kome seg dit.

Swedish 16-year-old activist Greta Thunberg sails on the Malizia II racing yacht in New York Harbor

Greta Thunberg kom til New York i seglbåt 28. august i år. Ho hadde tenkt seg på klimatoppmøte i Chile, men no må ho prøve å få seg skyss til Spania.

Foto: Mike Segar / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det skapte store overskrifter over heile verda då den unge svenske klimaforkjemparen Greta Thunberg tok seg frå Sverige til USA i ein miljøvenleg seglbåt. Deretter har ho gradsvis flytta seg sørover I USA med Santiago i Chile som mål for reisa, og stadig ved hjelp av klimavenleg transport.

Ho er framleis i USA, og ho skriv på Twitter at ho synest det er trist at ho ikkje kan besøke Mellom- og Sør-Amerika denne gongen.

Store demonstrasjonar

Santiago har vore prega av store demonstrasjonar mot regjeringa den siste tida, og landet sa tidlegare denne veka at dei ikkje kunne arrangere det planlagde klimatoppmøtet 2.–13. desember.

I dag kom meldinga frå FN om at den spanske hovudstaden Madrid tek over arrangementet, og det fekk Greta Thunberg til å be om hjelp til å kome seg over Atlanterhavet til Den iberiske halvøya. Det vil seie at ho har ein månad på seg for å rekke toppmøtet.

Laster Twitter-innhold

Det skal alt ha meldt seg fleire som vil ha henne med i seglbåt over havet.

Det var i går at spanske styresmakter tilbaud seg å ta over klimatoppmøtet COP25 for Chile, etter at Chiles president Sebastián Piñera i går måtte ta den tunge avgjerda om at Chile ikkje kunne vere vertskap. Dette på grunn av tryggleiken til deltakarane.

Oslo ville overta

Frederic Hauge i Bellona var raskt ute med å foreslå Oslo som ny arrangørby, og byrådsleiar Raymond Johansen hengde seg på. Han var klar på at den norske hovudstaden absolutt kunne ta på seg oppgåve.

Det er venta 25.000 delegatar til COP25, FNs årlege klimakonferansen. Målet er å implementere måla frå Paris-avtalen.

Greta Thunberg i FNs hovudforsamling.

Greta Thunberg refsa politikarane i verda frå talarstolen i FNs hovudforsamling.

Foto: Jason Decrow / AP

Greta Thunberg, som har Asbergers syndrom, har vorte eit symbol på kampen mot ein klimafiendtleg politikk. Ho har fått ungdomar over heile verda til å skulke skulen og i staden demonstrere mot det dei meiner er ein manglande klimapolitikk.

Det vekte oppsikt då nyleg ho takka nei til å ta mot Nordisk Råds miljøpris for 2019 .

Refs frå FNs talarstol

Den svenske 16-åringen har også fått mykje kritikk frå ein del hald, ikkje minst då ho frå talarstolen i FN under hovudforsamlinga der i oktober i harde ordelag refsa toppolitikarane i salen for ikkje å gjere nok for klimaet .

Men innlegget hennar i FN hausta også massiv støtte frå miljørørsla og mange politikarar.

I samband med Halloween-feiringa i går viste Greta Thunberg at ho har humoristisk sans. Ho la ut ei melding på Twitter der ho skriv at det ikkje er naudsynt for henne å kle seg ut for å skremme.

«I dag er det Halloween. Eg brukar ikkje feire det heime, men tenkte eg skulle gjere eit forsøk. Og det verkar som at når det er snakk om å skremme eit knippe sinte klimafornektarar, så treng eg ikkje kle meg ut ein gong».

Laster Twitter-innhold