NRK Meny
Normal

Gresk sjukehus ville behalde baby

I Hellas er dei økonomiske problema openberrt store, òg for sjukehusa. Ei kvinne vart fortalt at ho ikkje fekk ta med seg sitt nyfødde barn heim dersom ho ikkje kunne betale for seg.

Nyvalg i Hellas

ØKONOMISKE PROBLEM: Hellas slit tungt med økonomien, og sjukehusa må ta i bruk drastiske metodar for å få betaling.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

"Anna" med bornet hennar

KUNNE IKKJE BETALE: 'Anna' fekk beskjed om at ungen ikkje kunne forlate sjukehuset før ho hadde betalt.

Foto: BBC News

– Sjukehuset spurte etter mykje pengar, og administrasjonen sa at eg måtte betale heile beløpet, elles ville eg ikkje få lov til å ta med meg babyen heim, seier "Anna", som ynskjer å vere anonym, til BBC.

Den nybakte mora fekk beskjeden ved eit sjukehus i Athen. Ho hadde vore gjennom ein kostbar keisarsnittfødsel, men hadde ikkje dei nær 10.000 kronene det kosta. Utan arbeid har ho ikkje rett på gratis helsetenester som ikkje er naudstilfelle. På sjukehuset reagerte ho med frykt.

– Kven ville ikkje ha vorte redd av ein slik beskjed? Straks etter ein har fødd, så seier dei at dei vil halde på barnet dersom ein ikkje kan betale. Har ikkje desse folka born sjølve, spør ho.

Sjukehuset meiner det ikkje stemmer

Men ved det aktuelle sjukehuset nektar dei for at dette har skjedd

– Me er ingen pantehandlar, som held ein ring som depositum. Det som vert hevda har aldri skjedd hjå oss, seier Nikos Faldamis, direktøren ved sjukehuset.

Han fortel at den greske kvinna måtte vente til måndag med å reise fordi administrasjonen ikkje er på jobb i helgene.

– Men det er naturleg at me spør etter betaling. Men om dei ikkje er i stand til å betale, så sender me pasientane ein faktura gjennom skattekontoret, eller me ber dei om å skrive under på eit skjema der dei stadfestar at dei skal betale når dei får pengane, avsluttar han.

– Ikkje sjukehuset sin feil

Dr. Katerina Stypsanelli

SA FRÅ: Legen Katerina Stypsanelli hjelpte 'Anna'.

Foto: BBC News

Men at det har skjedd, kan Katerina Stypsanelli stadfeste. Ho er lege ved eit systersjukehus til det sjukehuset som "Anna" fødde ved. Likevel understrekar ho at det ikkje er sjukehuset sin feil, men seier at politikken har endra seg i situasjonar der fattige pasientar ikkje kan betale for seg.

– Det er ikkje sjukehuset som sjølv bestemmer dette. Dei er tvinga til det gjennom regjeringa sin politikk og budsjettkutt, seier ho.

Ho er òg medlem av organisasjonen Women Against the Debt, og engasjerte seg direkte i den greske kvinna sin situasjon.

– Eg tok kontakt med direktøren ved sjukehuset, og etter det gav han ordre om at mora skulle få ta med seg det nyfødde barnet heim, seier Stypsanelli, og held fram:

– Alle kvinner skal ha rett til behandling og hjelp ved ein fødsel. Politikken som Hellas fører no går utover dei aller svakaste i samfunnet, og det er skammeleg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Grekarar demonstrerer mot helsekutt

HELLAS I KRISE: Grekarane gjekk til val, og straffa dei partia som støttar sparetiltaka som Hellas har forplikta seg til. Her demonstrerer grekarar mot kutt i helsesektoren.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Hellas i økonomisk krise

Bak ei slik historie ligg eit Europa og Hellas i økonomisk krise. Dei harde sparetiltaka som Hellas har forplikta seg til, vert no merkt av grekarane. Parlamentsvalet i Hellas for litt over to veker sidan var ei klar melding til greske politiske leiarar.

Dei partia som går imot sparepakkane vann fram, medan dei tradisjonelt største partia, PASOK og Nytt Demokrati som begge støttar sparepakkane, gjekk kraftig attende.

Ingen regjeringskoalisjon førte fram, og Hellas skal no ut i eit nyval. Det er venta at eurosamarbeidet og EUs sparetiltak vil verte einaste valkampspunkt i denne runden.

Men om livet vert lettare for "Anna" og andre mødrer utanfor eurosamarbeidet er svært usikkerrt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt