Hopp til innhold

Skipsforliset skaka Europa – i dag blei saka lagt vekk

Nærare 700 flyktningar mista livet då skipet sokk. Ni menn blei sikta i saka, men no har den greske domstolen avgjord at dei ikkje har makt nok.

Båt med opp til 700 flyktninger sank utenfor Hellas

FULLT: Dette er eit bilde som den greske kystvakta tok 14. juni 2023.

Foto: Reuters

Ni egyptiske menn møtte i dag i ein trang rettssal i Hellas.

Det var sommaren 2023 at nærare 700 flyktningar frå Pakistan, Syria og Egypt mista livet då ein stappfull fiskebåt forliste utanfor Hellas.

100 av dei var born.

Dette er ei av dei mest dødelege båtulykkene i Middelhavet nokon gong. 104 personar blei redda frå vraket.

Nyheitsbyrået Reuters skriv at saka mot dei ni mennene er lagt vekk på grunn av manglande jurisdiksjon fordi hendinga skjedde i internasjonalt farvatn. Det betyr at den greske domstolen ikkje har makt over dette området.

– Ein stor menneskerettsleg siger i Hellas, seier forsvararen Spyros Pantazis til Reuters.

Dalia Elghaty, tanta til ein av dei sikta, held eit bilde av nevøen sin utanfor rettslokalet.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / AFP

Dei egyptiske mennene som er sikta i saka blei arresterte berre timar etter at båten gjekk ned. Dei var sjølv av dei overlevande.

Mennene blei sikta for menneskesmugling, for å ha tatt del i ein kriminell organisasjon og for ha hatt skyld i at skipet forliste.

Mennene er mellom 21 og 41 år gamle og har heile tida nekta straffskyld.

Les også Kritiserer Norges rolle etter forliset i Hellas

Båt med opp til 700 flyktninger sank utenfor Hellas

Store protestar

Utanfor rettslokalet tysdag var det fleire som protesterte.

Antifascistiske og venstreorienterte grupper har sidan hendinga kritisert innvandringspolitikken i Europa.

Mange har også tatt til orde for at denne rettsaka er ei tildekking av statleg ansvar.

Det same seier forsvarsadvokaten Vicky Abggelidou, som representerer to av dei sikta.

Les også Frykter 100 barn var i forlist fiskebåt: – Flytende likkiste

Fiskebåten som forliste utenfor kysten av Hellas 14. juni.

I fjor fortalde fleire overlevande at det var kystvakta sitt forsøk på å taue skipet vekk frå gresk farvatn som førte til at skipet sokk.

Dei sikta sine forsvararar har sagt at etterforskinga har vore forhasta og at bevisa er for tynne. Dei har også sagt at kystvakta observerte skipet lenge før dei sette i gang ein redningsoperasjon.

Migration Greece Shipwreck Trial

Før rettssaka starta tysdag var det trefningar mellom politi og demonstrantar utanfor rettslokalet.

Foto: Thanassis Stavrakis / AP

Kystvakta sjølv har nekta for desse skuldingane.

Fleire andre har også kritisert greske styresmakter for å ikkje handle raskt nok.

I etterkant av hendinga tok FNs generalsekretær António Guterres til orde for ein meir effektiv innvandringspolitikk for å hindre liknande hendingar i framtida.

– La oss vere ærlege, dette er ikkje eit gresk problem, men eit europeisk.

Sidan junidagen i 2023 har det vore fleire protestar i Hellas og resten av Europa mot den flyktningspolitikken i Europa.

Protest ahead of the trial over deadly migrant shipwreck calling for justice and in support to the nine accused Egyptian survivors

Her under ein demonstrasjon i Athen tidlegare i mai.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters

Berre 82 lik henta frå havbotn

Dei fleire hundre flyktningane gjekk på det fiskebåten i Libya og sette kursen mot Italia. Så langt kom dei aldri.

Då skipet nådde kysten av øya Peloponnes i morgontimane 14. juni, kantra det. I løpet av 15 minutt skal skipet ha sokke.

Les også Merksemda rundt ubåtulykke og båt­forlis i Hellas: – Grell kontrast

En forsvunnet ubåt med fem personer får mer oppmerksomhet enn ett forlis med minst 400 mennesker ombord.

Blant dei fleire hundre døde var det fleire som var innelåste i båten då han sokk. Skipet kantra på eit av dei djupaste punkta i Middelhavet.

Nesten eitt år seinare er berre 82 lik henta frå botn.

SISTE NYTT

Siste nytt