Hopp til innhold

Merksemda rundt ubåtulykke og båt­forlis i Hellas: – Grell kontrast

Den forsvunne ubåten «Titan» har skapt store overskrifter, medan båtforliset i Hellas med fleire hundre døde flyktningar ikkje fekk same søkelys. Det har skapt reaksjonar.

En forsvunnet ubåt med fem personer får mer oppmerksomhet enn ett forlis med minst 400 mennesker ombord.

Den forsvunne ubåten «Titan» har fått stor merksemd siste tida.

Foto: HELLENIC COAST GUARD / AP/Reuters/NTB

På sosiale medium har fleire postar som samanliknar merksemda rundt ubåtulykka i Atlanterhavet med båtforliset i Hellas, gått viralt.

The Guardian har omtalt den store kontrasten som illustrerande.

Ein fiskebåt med opp mot 750 flyktningar var på veg frå Libya til Italia førre veke. Båten kantra langs kysten av Hellas.

Søndag bekrefta pakistanske styresmakter at over 300 pakistanske flyktningar døde. Det er forventa at talet vil auke.

Det er enda uklart kva som har skjedd, og greske styresmakter held på med ei gransking.

Skjermdump frå Instagram-brukaren @dietprada med over 3,4 millioner følgarar. Innlegget har over 200.000 likerklikk.

Skjermdump frå Instagram-brukaren @dietprada med over 3,4 millioner følgarar. Innlegget har over 200.000 likerklikk.

Skjermdump frå instagrambrukaren @annablix.

Skjermdump frå instagrambrukaren @annablix.

Skjermdump frå Twitter. Innlegget har fått over tjue tusen likerklikk.

Skjermdump frå Twitter. Innlegget har fått over tjue tusen likerklikk.

– Nesten litt kvalmande

Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Raudt, reagerer på at det blir brukt mykje ressursar på redningsaksjonen i Atlanterhavet.

– Eg håper for all del at enkeltpersonane i Atlanterhavet blir redda, men eg håper at vi kunne brukt noko av dei same ressursane og innsatsen på å redde menneske som døyr i Middelhavet.

Les også Tror passasjerene er omkommet

Ubåten Titan har vært savnet i Atlanterhavet siden søndag. Ubåten mistet kontakten med morskipet bare 1,5 time etter at ekspedisjonen startet.

Marhaug peiker på at flyktningane er mange fleire og ikkje har dei same ressursane som personane i ubåten.

Kontrasten mellom dei to tragediane synest ho er ubehageleg.

– Situasjonen i Middelhavet blir kanskje litt for massiv og håplaus, medan ein superrik personen i Atlanterhavet som leiter etter Titanic, er meir håpefullt. Kontrastane er ubehagelege og nesten litt kvalmande.

Sofie Marhaug er stortingsrepresentant for Rødt.

Sofie Marhaug (R) meiner ein skulle brukt litt av dei same ressursane på flyktningar i Middelhavet.

Foto: Ihne Pedersen

Ho legg til:

– Vi kan omgå slike katastrofar ved å gi same type merksemd, økonomisk støtte og bistand til menneske på flukt, og ikkje berre til sensasjonelle personar i Atlanterhavet.

Les også Meiner båtforlis utanfor Hellas kan vere det mest alvorlege på ti år

Dozens drown in deadliest migrant shipwreck off Greece this year

Orkar ikkje tenke på det

Katrin Glatz Brubakk, barnepsykolog og feltarbeidar for Leger utan grenser, seier det er trist at ein ikkje pratar like mykje om dei som druknar i Middelhavet som ubåtulykka i Atlanterhavet.

– For oss er det viktig å halde fast at alle menneskeliv er like mykje verdt. Vi håper redninga til dei som sitt i ubåten kjem fram i tide.

Ho held fram:

– Det som er trist, er det som går føre seg i Middelhavet, der det dagleg druknar 5–6 menneske. Det er ein katastrofe vi ikkje lenger snakkar om. Det finst ikkje offisielle søk- og redningsoperasjonar som kan redde dei som er i havsnød der.

Ho trur at mange ikkje orkar å tenke på det som skjer i Middelhavet.

Barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk

Katrin Glatz Brubakk er feltarbeidar for Leger utan Grenser.

– Vi menneske er slik at dersom vi har høyrt ei historie fleire gongar, så vender vi oss litt vekk. Tragedien i Middelhavet har gått føre seg lenge fordi det ikkje finst nokre trygge fluktruter. Båtforlis skjer jamt og trutt der, legg Brukbakk til.

Lærdom å hente

Kristin Skare Orgeret, medieprofessor ved OsloMet, seier at det er ein grell kontrast når ein set dei to hendingane opp mot kvarandre.

– Det er viktig at vi ser på denne dekninga i eit større bilde. Det blir ein grell kontrast mellom dramaet rundt ubåten med oppdateringar time for time og dekninga av det groteske forliset i Middelhavet, der fleire hundre har døydd.

Professor Kristin Skare Orgeret ved Institutt for journalistikk og mediefag på OsloMet – storbyuniversitetet.

Kristin Skare Orgeret, medieprofessor ved OsloMet, seier det substans i kritikken.

Foto: Sonja Balci / OsloMet

Ho seier at media si interesse ikkje har vore den største for forliset i Hellas.

– Det var meir ei rutinemessig dekning fordi dette ikkje er nytt på same måte.

Medieforskaren seier det er substans i kritikken media no får.

– Her er det lærdom å hente. Det er derimot forståeleg at dekninga er større rundt dramaet med Titanic som bakteppe, samanlikna med dei ansiktslause menneska som berre blir kalla «forsvunne».

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt