Hopp til innhold

Første gravferda etter jordskjelvet i Christchurch

Måndag vart ein fem månader gammal baby gravlagd som det første av minst 148 jordskjelvoffer på New Zealand.

Video Gravlegg jordskjelvoffer på New Zealand

Familiane til så mange som 200 menneske må truleg ta farvel med sine kjære som mista livet i jordsjelvet på New Zealand 22. februar.

Baxtor Gowland døydde i Christchurch-jordskjelv

Baxtor Gowland (5mnd) kom ikkje frå jordskjelvet i live.

Foto: Privat / NZTV

Livet tok så alt for tidleg slutt for vesle Baxtor Gowland. Den fem månader gamle babyen er det yngste offeret som er stadfesta så langt etter jordskjelvet som råka byen Christchurch på New Zealand tysdag 22 februar.

Han kom til verda berre to veker etter det førre store jordskjelvet som rysta øystaten i september i fjor.

Meir enn 200 familiemedlemmer, vener og støttespelarar møtte måndag opp for å ta avskjed med Baxtor, då den vesle guten blei stedd til kvile i ein forstad utanfor Christchurch.

– Bax, du vil for alltid vera i hjarto våre og me kjem alltid til å elska deg, skriv far til guten på ei minneside på Facebook.

– Eit mirakel må til

Britisk leitemannskap hjelper til i Christchurch

Britisk leitemannskap hjelper til i Christchurch.

Foto: ROB GRIFFITH / Afp

Ifølgje styresmaktene har om lag 200 menneske mista livet i det katastrofale skjelvet .148 personar er så langt stadfesta døde, og kring 50 er sakna. Ifølgje redningsarbeidarane er det ikkje observert teikn til liv i ruinane sidan onsdag.

I samtalar med dei pårørande i dag, sa leiaren for redningsoperasjonen, Jim Sutart-Black, at det er høgst usannsynleg at dei no vil finna fleire overlevande i dei samanraste bygningane.

– Det ville vore eit mirakel om me fann nokon i live så langt tid etter at tragedien inntrefte.

Vanskeleg å identifisera

Grufulle skadar har gjort arbeidet med å identifisera dei døde vanskeleg. I mange tilfelle har redningsmannskapet berre funne lause kroppsdelar gøymd under betongruinar, glas og haugar med bygningsmateriell.

Ei veke etter skjelvet har politiet berre gått ut med namna på åtte av offera.

– Det er ufatteleg sørgjeleg for både oss og ikkje minst for familiane deira, seier overbetjent Dave Cliff til newzealandske aviser.

SISTE NYTT

Siste nytt