Hopp til innhold

To døde babyar i ruinhaugane

Jordskjelvet på New Zealand har så langt teke med seg 98 personar i døden. To babyar er blant dei som ikkje kom frå skjelvet i live.

Talet på døde etter jordskjelvet i byen Christchurch på New Zealand er no oppjustert frå 71 personar i går til 98 i dag.

Politiet har begynt å namngje dei døde. Blant dei identifiserte er to små babyar på ni og fem månader, og to vaksne menn.

Alle dei fire er frå Christchurch, men truleg er det også mange utanlandske som har mista livet i det kraftige jordskjelvet.

Ingen overlevande i natt

226 personar er framleis sakna etter det katastrofale skjelvet som vert omtalt som det verste i landet på 80 år.

Medan det blei henta ut 27 lik frå ruinane natt til torsdag, vart ingen funne i live.

– Det er skuffande og beklageleg at me ikkje har greidd å finna fleire overlevande. Det har vore ein langsam og omhyggjeleg prosess som held fram i dag, seier overbetjent Russel Gibson til TV NZ.

Mikrofonar og hundar

Redningsarbeid etter jordskjelvet etter New Zealand

Japansk leitemannskap bistår i søket etter overlevande med spesialtrente hundar.

Foto: Sarah Ivey / Ap

Det er over to døgn sidan jordskjelvet råka byen Christchurch med ein styrke på 6.3, men Gibson meiner det framleis er håp om å finna overlevande.

– Ifølgje ekspertane finst det store hulrom inne i ruinane. Det er mogleg at det oppheld seg overlevande i desse lommane, fortel Gibson.

Internasjonale leitearbeidarar og redningsmannskap held fram med å bistå i søket etter overlevande.

Minst 750 utanlandske redningsarbeidarar er no i Christchurch. Både spesialtrente hundar, sensitive mikrofonar og kamera vert nytta i søket, for å fanga opp det minste teikn til liv mellom dei enorme mengdene knust bygningsmateriale.

2000 til sjukehus

2000 personar har så langt vore innom sjukehuset til helsesjekk. 431 personar har fått behandling og 164 er alvorleg skadde.

Mange har fått amputert armar og bein for å kunne reddast ut av ruinhaugane.

I går erklærte styresmaktene nasjonal unntakstilstand for første gang nokonsinne, etter det statsminister John Key har omtalt som «død og øydeleggingar av eit grufult omfang.»

– Tar støyten

Statsminister på New Zealand John Key

Statsminister på New Zealand, John Key, seier regjeringa står parat til å hjelpa jordskjelvofra som står på bar bakke etter katastrofen.

Foto: Rob Griffith / Ap

Medan matforsyningar og drivstoff har kome fram til byen, er om lag 80 prosent av innbyggjarane framleis utan vatn. Det uroar dei lokale styresmaktene.

Regjeringa har torsdag diskutert strategiar for å å gje økonomisk bistand til jordskjelvofra.

I dag tidleg sa statsministeren til ONE News at styresmaktene umiddelbart vil bevilga dei ressursane som trengs til å byggja opp att byen.

– Me har råd til å ta støyten, sa Key.

SISTE NYTT

Siste nytt