Hopp til innhold

Gatefeiarar ikkje lenger mistenkte

Dei seks gatefeiarane som vart arresterte for terrorplanlegging mot paven i Londonfredag, vart i natt sette fri frå fengsel.

Politiet stengde av eit stort område rundt arbeidsplassen til fem av dei pågripne fredag.

Politiet stengde av eit stort område rundt arbeidsplassen til fem av dei pågripne fredag.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Pave Benedikt XVI under besøket i London

Paven sjølv let seg ikkje affisere av arrestasjonane fredag, og heldt fram programmet sitt som planlagt.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Dei seks er ikkje lenger sikta i saka, opplyser politiet.

LES OGSÅ: Mistenkte for planar om pave-terror

Tabloidavisa Daily Mirror siterer ei kjelde i politiet som seier at mennene vart arresterte etter at nokon høyrde dei prate i spøk om å skyte ein rakett mot paven. Samtalen skal ha funne stad inne på ei jobbkantine.

Britisk antiterrorpoliti gjekk til aksjon mot firmaet fem av dei seks var tilsette i tidleg fredag morgon. Her vart fem menn i alderen 26 til 50 år arresterte for «mistanke om planlegging eller oppfordring til terrorhandlingar».

Den sjette vart arrestert seinare på dagen fredag. Det er meldt at alle seks har nordafrikansk bakgrunn, men dette er ikkje stadfesta av politiet. Sky News melde kort tid etter arrestasjonane at dei fem som vart pågripne først alle var frå Algerie.

Pave Benedikt XVI sjølv tok arrestasjonane med ro fredag. Talsmannen til paven, Frederico Lombardi, sa at dei aldri tok arrestasjonane særleg alvorleg. Han sa at Vatikanet fullt ut stolar på at Scotland Yard og britisk politi elles er fullt ut i stand til å passe på paven.

LES OGSÅ: – Bli helgenar, ikkje kjendisar

SISTE NYTT

Siste nytt