Mange britar er veldig kritiske til paven på grunn av synet hans på abort, prevensjon og homofili.
Foto: ANDREW WINNING / ReutersNokre høgtflygande demonstrantar utanfor St. Mary's University i Twickenham.
Foto: ANDREW WINNING / Reuters– Pengar og kjendisstatus er ikkje alt, åtvarar Pave Benedict XVI unge britar.
Det er 28 år sidan sist ein pave besøkte dei britiske øyane, og berre det andre besøket sidan Henrik VIII braut med pavekyrkja i 1534.
Paven nyttar høvet til å be barn og unge tenkje seg om og bestemme seg for kva dei vil med liva sine, skriv Sky News.
- Les også:
Kjendis - ikkje glad
– Vi lev i ein selebriteteskultur og ungdom er ofte oppfordra til å ta lærdom av folk frå idretts- og underhaldningsverda, men mitt spørsmål til dykk er: Kva er kvalitetane de ser i andre som de helst vil ha sjølve? Kva type menneske vil de bli?
– Å vere veldig god til ein ting eller eit yrke er ein bra ting, men vil ikkje tilfredsstille oss om vi siktar mot noko større. Det kan gjere oss kjende, men vil ikkje gjere oss glade, åtvarar han.
Paven har derimot svaret på korleis britisk ungdom skal få eit betre liv:
– Nøkkelen til lykke er veldig lett - ekte lykke er å finne i Gud.
Demonstrasjonar
Paven starta den andre dagen av besøket i Wimbledon etter at han kom til London i går kveld.
Han reiste så vidare til St. Mary's University College, der demonstrantar hadde stilt seg opp med plakatar med påskrifta "Heilage Joe Ratzinger" (døypenamnet til paven) og "Frå Hitlerjugend til pave".
- Les også:
Men ungdommen tok imot paven med jubel då han kom til staden i pavebilen sin.
Barna tok imot paven.
Foto: Gregorio Borgia / Ap- Les også:
- Les også: