Hopp til innhold

Mistenkte for planar om pave-terror

Fem menn er arresterte i London for mistanke om planar om eit terrorangrep mot pave Benedikt XVI, som er på besøk i Storbritannia.

Paven i Storbritannia

Pave Benedikt kom til St. Mary's i dag i pavebilen. Tryggingsoppbodet rundt han er tungt.

Foto: POOL / Reuters

Dei fem er mistenkte for å ha planlagt eit angrep mot paven under opphaldet i London, truleg i samband med ein rundtur med bil.

Sky News melder at dei fem arbeider som gatefeiarar, og at dei kjem frå Algerie. Dei skal ifølgje fjernsynskanalen etter planen utføre arbeid langs ruta til paven i London.

Pave Bendikt XVI i pavestolen på St. Mary's

Benedikt XVI i pavestolen på St. Mary's University College i dag.

Foto: BEN STANSALL / Ap

Politiet undersøkjer no eit forretningslokale i sentrum av London og bustader nord og sør i byen. Det er hittil ikkje teke beslag i våpen eller andre «farlege» gjenstandar, blir det opplyst.

Fredag ettermiddag vart ein sjette person arrestert nord i London.

Ein talsmann for Vatikanet seier at dei har full tillit til at britisk politi greier å passe på paven, og at Benedikt XVI sjølv er roleg og ved godt mot.

Planar ikkje endra

Paven sine planar for London-besøket er truleg ikkje endra som følgje av arrestasjonane.

Politiet held auge med follkemengda utanfor St. Mary's.

Det er eit stort politioppbod rundt pavebesøket i London.

Foto: Sang Tan / Ap

Ein gjennomgang politiet har gjort viser at planane ikkje treng endrast, heiter det i ei fråsegn frå Scotland Yard.

Fem av dei mistenkte vart arresterte i London tidleg i dag, etter at antiterror-politiet mottok informasjon om ein mogleg trussel.

Dei fem mennene er 26, 27, 36, 40 og 50 år gamle. Dei vart pågripne i ein væpna operasjon mot eit forretningslokale i London. Undersøkingane av lokalet er ikkje ferdig, opplyser politiet.

Tett vakthald rundt paven i London

Det er tett vakthald rundt paven i London. Her ein politimann på vakt ved St. Mary's College i London.

Foto: Peter Macdiarmid / Ap

Katolsk høgskule

I ettermiddag er pave Benedikt XVI på besøk ved den katolske høgskulen St. Mary's i det vestlege London. BBCs reporter Emily Buchanan, som dekkjer pavebesøket, fortel at tryggleikstiltaka rundt paven er ekstremt omfattande.

Politi-toppar i England og Skottland har brukt fleire månader på å planleggje tryggingstiltaka i samband med pavebesøket. Tiltaka er venta å koste over ein milion pund, over 10 millionar norske kroner, melder BBC.

Arrestasjonane i dag kjem etter at sjefen for den britiske etterretninga MI5 har åtvara om faren for at nordirske ekstremistar kan angripe mål på det britiske fastlandet.

Han peika også på faren frå Al Qaida-tilknytte grupper med band til Jemen og Somalia.

Pave Benedikt XVI møtte born under besøket i Skottland.

Pave Benedikt XVI er på besøk i Storbritannia. Dette biletet vart teke i Skottland i går.

Foto: Gregorio Borgia / Ap
Pave Benedikt på St. Mary's-høgskulen i London

Pave Benedikt besøkte i ettermiddag St. Mary's University College i London.

Foto: BEN STANSALL / Afp

LES OGSÅ: – Bli helgenar, ikkje kjendisar

LES OGSÅ: Boyle sang paven inn og ut

SISTE NYTT

Siste nytt