Fleire tusen menneske demonstrerer søndag utanfor det japanske parlamentsbygget i Tokyo. Mange har på seg gassmasker, slår på trommer og kjem med utrop som «nei til omstart» og «nedlegging».
Demonstrantane krev at styresmaktene skrinlegg planane om å starta opp att kjernekraftverka.
– Me tillèt ikkje at fleire reaktorar blir starta opp att. Me ønskjer å hamra dette bodskapet inn til regjeringa, seier den anonyme organisatoren av demonstrasjonen «Metropolitan Coalition against Nukes».
Atomkraft-produksjonen i gang igjen
Produksjonen av atomkraft ved det tsunami-skadde Fukushima-anlegget blei mellombels stansa etter tsunamien og den påfølgjande atomkrisa i landet i mars 2011.
Dei 50 fungerande reaktorane blei slådde av i mai for ein rutine-sjekk.
Tidlegare denne månaden gav statsminister Yoshihiko Noda ordre om å starta opp att drifta ved to av reaktorane, trass i bekymring for tryggleiken blant mange av innbyggjarane i landet.
Det har utløyst ei rekkje fredelege demonstrasjonar mot atomkraft i Japan den siste tida. Kvar fredag i fleire veker har demonstrantar samla seg utanfor bustaden til statsminister Yoshihiko Noda.
– Staten lyttar ikkje til folket
Dei høglytte protestane vekkjer oppsikt, ettersom det er svært uvanleg at japanarar tek til gatene for å gje uttrykk for misnøye med styresmaktene.
– Dette handlar ikkje berre om atomreaktorar. Desse demonstrasjonane reflekterer det sinnet folk har mot kjerneproblema i det japanske samfunnet. Det gjeld politikken og korleis opinionen sine meiningar blir neglisjerte. Folk er sinte og lutande leie, seier Karin Amamiya, skribent og samfunnsanalytikar.
Demonstrasjonane skil seg også frå konvensjonelle protestane, organiserte av fagforeiningar og politiske grupperingar. Mange av deltakarane er uavhengige borgarar som aldri før har teke til gatene for å tala styresmaktene midt imot.