Hopp til innhold

Gaddafi-talsmann arrestert i Libya

Den libyske regjeringa stadfestar at den tidlegare talsmannen til Muammar al-Gaddafi, Mussa Ibrahim, er arrestert.

Mussa Ibrahim, talsmann for den libyske regjeringen

Gaddafi-talsmann Mussa Ibrahim er arrestert, opplyser den libyske regjeringa.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

– Mussa Ibrahim vart arrestert ved ein kontrollpost i byen Tarhuna, heiter det i ei fråsegn frå den libyske statsministeren sitt kontor. Andre libyske tenestemenn seier likevel at dei er skeptiske til meldinga, fordi det tidlegare har vore fleire falske meldingar om at han var arrestert.

Tarhuna ligg 65 kilometer sørvest for hovudstaden Tripoli.

Stemma til regimet

Under borgarkrigen i Libya heldt Mussa mange pressekonferansar for utanlandske journalistar. Han vart sist sett like før Tripoli fall i august i fjor.

Presidenten i den libyske nasjonalforsamlinga, Mohammed Megaryef.

Mohammed Magaryef er president i den libyske nasjonalforsamlinga.

Foto: ABDULLAH DOMA / Afp

Mussa Ibrahim var stemma til Gaddafi-regimet internasjonalt dei siste månadene før opprørarane tok makta i landet. Han er blant anna kjend frå dei mange pressekonferansane han heldt på Rixos Hotel, der dei fleste utanlandske journalistane i landet budde.

Arrestasjonen kjem på dagen eitt år etter at Muammar al-Gaddafi sjølv vart drepen av opprørarar i heimbyen Sirte.

Kampar i Bani Walid

Samstundes viser det seg at tilhengjarane til Gaddafi enno står sterkt fleire stader i Libya. Særleg byen Bani Walid har vore prega av harde kampar mellom Gaddafi-lojalistar og styrkane til dei nye styresmaktene.

Berre i dag er 12 menneske drepne og 122 såra i kampar mellom regjeringsstyrkar og soldatar frå det gamle regimet i Bani Walid i går, opplyser sjukehuskjelder.

– Kampen for å frigjere Libya er enno ikkje over, sa leiaren for den demokratiske valde nasjonalforsamlinga i landet, Mohammed Magaryef, i ein fjernsynstale i går. Han peikte på at det har vore forseinkingar og slurv i arbeidet med å danne ein nasjonal hær, og at planen om å avvæpne alle opprørsgruppene.

– Uorden og korrupsjon

– Dette har skapt misnøye og spenningar mellom ulike grupper, og det har vore med på å skape kaos, uorden og korrupsjon i delar av regjeringsapparatet, sa han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


LES OGSÅ: Libyske opprørere møter hard motstand i Gaddafi-bastion

LES OGSÅ: - Gaddafis spesialstyrker har overgitt seg

LES OGSÅ: Viktig seier for opprørerne i Libya

LES OGSÅ: – Barn drept i nytt NATO-angrep

SISTE NYTT

Siste nytt