Hopp til innhold

Gaddafi lovar tilhengjarane siger

Muammar Gaddafi lova i ein tale til tilhengjarar i Tripoli tysdag kveld å halde fram kampen mot dei «galne fascistane».

Video Gaddafi lover å fortsette kampen

VIDEO: Sjå Gaddafi tale til tilhengjarane sine tysdag kveld.

Fleire hundre jublande Gaddafi-tilhengjarar, utstyrte med grøne flagg, banner og plakater som viste støtte til diktatoren, venta på den libyske statssjefen i nærleiken av ein kommandosentral som vart bomba i går kveld.

Libya minutt for minutt: USA og Frankrike enig om Libya

Levande skjold

Truleg var dette tilhengjarar som har samla seg for å vere eit levande skjold rundt Gaddafi i tilfelle angrep mot han.

Gaddafi kom til staden i ein SUV, og han heldt ein tale til dei frammøtte. Talen gjekk også direkte på libysk fjernsyn.

- Vi vil aldri gi oss. Vi vil vinne over fienden med alle middel. Vi er klare for kampen, anten det blir ein kort eller lang kamp, nærmast ropte han til tilhengjarane, og vart møtt med stor jubel.

Jubel og fyrverkeri

- Til slutt vil vi sigre. Eg blir her, heimen min er her, eg blir buande i teltet mitt. Eg er her, eg er her, eg er her, sa han, og jubelen ville ingen ende ta. Folk skaut i lufta med våpena sine, og det vart sendt opp fyrverkeri.

- Det er demonstrasjonar over alt mot dette urettferdige angrepet, som er i strid med FN-charteret. Angrepet er utført av ein gjeng fascistar, som til slutt vil ende opp på historia sin skraphaug, heldt Gaddafi fram.

LES OGSÅ: Oljeproduksjonen i Libya hardt råka

LES OGSÅ: – Ren etnisk utrensning

LES OGSÅ: Norsk styrke venter på fly-ordre

SISTE NYTT

Siste nytt