Hopp til innhold

Oljeproduksjonen i Libya hardt råka

Det vil ta minst eitt år før oljeforsyninga frå Libya til den globale marknaden er på fote igjen, trur analytikarar.

libya opprørere

Opprørssoldar trør varsamt i Ajdabiyah, der Gaddafi-styrkane har gjort sitt inntog. Eit stort oljeraffineri ligg like i nærleiken.

Foto: FINBARR O'REILLY / Reuters

Kampane mellom regjeringsstyrkar og opprørssoldatar i Libya har gjort stor skade på oljeproduksjonsanlegg og viktig infrastruktur i landet.

Fondsforvaltarar og marknadsanalytikarar meiner det vil ta minimum 12-18 månader før den libyske oljeeksporten kjem tilbake til same nivå som før uroa i landet starta.

Video Sidsel Wold fra Tobruk

Midtaustenkorrespondent Sidsel Wold rapporterer frå hamnebyen Tobruk, som er ein viktig by for oljeeksporten frå Libya.

Oljeprisen til vêrs

Ekspertane legg til at det truleg vil ta enda lenger tid å atterreisa oljeeksporten igjen etter at det torsdag vart sett i gang ein internasjonal militæroperasjonen i Libya med bombing frå lufta.

Oljeprodusentane i Libya har kutta kraftig i produksjonen av råolje. Produksjonssvikt og frykt sender oljeprisane til himmels.

Berre etter at FN varsla dei militære aksjonane mot Libya sin leiar, Muammar Gaddafi, steig oljeprisen til 116 dollar.

Samstundes som skadane på infrastruktur og oljeinstallasjonar i Libya pressar oljeprisane oppover, er det venta at den globale etterspurnaden etter olje vil nå nye høgder i løpet av året.

Flybombing i Ras Lanuf, Libya

Oljebyen Ras Lanouf, aust i Libya har vorte kraftig bomba av Gaddafi-styrkane.

Foto: Hussein Malla / Ap

– Siste stikk frå Gaddafi

– Som eit «siste stikk», kan det henda at Gaddafi med vilje saboterer oljefelt og viktig infrastruktur for å skapa hovudbry for FN. Å reparera slike øydeleggingar vil ta mange år, og oljenæringa vil kunne oppleva ein langvarig depresjon, seier Adam Taylor i Liongate Capital Management til Reuters.

Ifølgje Taylor vil FN-koalisjonen sin strategi for korleis dei vil trekkja seg ut av Libya, og risikoen for ein årelang borgarkrig verta avgjerande moment for kor lang tid det tek for den libyske oljeproduksjonen å gjera «comeback».

Før opprøret braut ut, produserte Libya 1,6 millionar fat fer dag. Internasjonale sanksjonar har no sett bom stopp for oljeeksporten frå Libya.

Sjefinvestor ved Moonraker fondsforvaltning, Jeremy Charlesworth, spår at oljeproduksjonen er sett ut av spel i minst 18 månader.

Eit oljeraffineri i nærleiken at Ajdabiyah i aust-Libya

Eit oljeraffineri i nærleiken at Ajdabiyah i nordaust-Libya.

Foto: FINBARR O'REILLY / Reuters

Politisk vakum

– Sjøl om me blei kvitt Gaddafi i løpet av dei nærmaste dagane, vil det ta om lag 1,5 år å normalisera produksjonen igjen, seier sjefinvestoren til Reuters.

– Årsaka er at ei fjerning av Gaddafi med alle hans lakeiar, vil føra til at Libya står igjen utan nokon politisk ekspertise. Eit politisk vakum skal fyllast og den prosessen kjem til å bli kaotisk og langdryg, meiner Charlesworth.

Andre analytikarar viser til situasjonen i Irak etter krigen, som framleis slit med å få oljeproduksjonen til å bikka 3 millionar fat per dag. Før Irak-invasjonen i 2003, var produksjonen oppe i over 4 millionar fat per dag.



SISTE NYTT

Siste nytt