Hopp til innhold

Fryktar nye krigshandlingar

Eitt år etter at georgiske styrkar og separatistar frå Sør-Ossetia braka saman, er situasjonen i Kaukasus svært spent.

Eittårsmarkering av krigen i Georgia
Foto: George Abdaladze / AP

Både Georgia og Russland markerer denne helga at det er eitt år sidan krigen mellom dei to landa braut ut.

Hendinga er omgjeven av ein så krass ordbruk frå begge sider at Europarådet fryktar nye krigshandlingar.

Full ordkrig

Begge sider skuldar kvarandre for brot på våpenkvila frå 26. august i fjor, og for å ruste opp med tanke på å starte krig.

Dei to landa kranglar endå til om kva dag krigen i fjor starta. Georgia hevdar krigen starta tidleg 7. august då russiske militære gjekk inn i utbrytarrepublikken Sør-Ossetia og har allereie starta markeringar fleire stader i landet. Russland har si markering fyrst i morgon, eitt år etter at hovudstaden Tskhinvali vart innteken av georgisk artilleri.

For to dagar sidan skulda den russiske viseforsvarssjefen Georgia for å ruste opp til eit høgare nivå enn før konflikten i 2008.

Styresmaktene i Georgia avviser påstandane og skuldar Russland for å konstruere «ei myte om georgisk aggresjon», ifølgje Eka Tkesjelasjvili i det nasjonale tryggingsrådet i Georgia.

Liknande skuldingar mellom dei to landa prega opptakta til krigshandlingane for eit år sidan.

Liknar opptakta til krigen

Då georgiske bakkestyrkar gjekk til åtak på mål i Sør-Ossetia natta mellom 7. og 8 august i fjor hadde president Mikhail Saakasjvili like før skulda Russland for å gjennomføre "ein større militæroperasjon mot Georgia".

Les også: Full militær mobilisering

Russarane på si side hevda det var naudsynt å sende soldatar til regionen fordi dei meinte Georgia planla å invadere Russland.

Les også: Frykter krig i Georgia

- Dei markerer eittårsdagen for konflikten med retorikk og spenning. Det var akkurat slik skytinga starta for eitt år sidan, seier generalsekretær Terry Davis i Europarådet.

Konflikten har også spreidd seg til Internett, der Facebook, YouTube og Twitter i går vart ramma av eit nettåtak som kan ha vore retta mot ein georgisk bloggar.

Les også: Georgia tar discohevn i ESC

- Vert tvinga til tilsvarande tiltak

Den russiske viseforsvarssjefen seier at Russland vil gjere alt for å unngå ei ny konflikt, og åtvarar Georgia mot politisk sjølvmord.

- Den politiske situasjonen har endra seg på grunnleggjande måtar. Å ikkje forstå dette og halde fram å handle ut frå gamle mønster, vil ganske enkelt vere eit sjølvmordsforsøk.

Samstundes vedgår ein statssekretær i det russiske forsvarsdepartementet at Russland kan kome til å ruste opp i Georgia.

- Leveransen av våpen frå USA til Georgia held fram. Dette er urovekkjande og vil tvinge oss til å setje i verk tilsvarande tiltak, sa statssekretær Grigorij Karasin onsdag.

- Situasjonen er skjør

I ein rapport i samband med eittårsmarkeringa av krigen, skildrar Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) situasjonen i landet som "ustabil og skjør".

Den greske utanriksministeren Dora Bakoyanni, som har formannskapet i OSSE, åtvarar samstundes partane mot å provosere fram krigshandlingar.

Likevel er det stadige provokasjonar og uro langs grensene mellom Georgia og dei to utbrytarrepublikkane.

SISTE NYTT

Siste nytt