Hopp til innhold

– Det kan bli eit blodbad i Thailand

– Dette er ikkje eit nøytralt militærkupp. Kuppet rettar seg direkte mot dei såkalla Raudskjortene, altså dei som har hatt makta i Thailand dei siste åra, seier forskaren Stein Tønnesson.

Soldatar ber demonstrantar avslutte demonstrasjonen.

Thailandske soldatar ber ei gruppe raudskjorter i Bangkok om å avslutte demonstrasjonen.

Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / Reuters

Stein Tønnesson er seniorforskar ved Norsk institutt for fredsforsking, Prio. Han oppheldt seg i Bangkok då kuppet vart varsla. Han oppfattar at militærkuppet er direkte retta mot dei såkalla Raudskjortene, og at det såleis ikkje var eit nøytralt kupp.

Han reknar med at Thailand no går inn i ein periode der dei militære vil halde på makta ei god stund. Situasjonen er alvorleg, seier han, og at mykje no er avhengig av kva Raudskjortene vil gjere.

– Kan gjere motstand

Direktør Stein Tønnesson ved Norsk institutt for fredsforskning (PRIO).

Seniorforskar Stein Tønnesson ved Norsk institutt for fredsforsking (Prio) fryktar eit blodbad i Thailand.

Foto: NRK, Sondre Bjørdal

– Spørsmålet er om dei vil gjere motstand. Dei har leirar, både utanfor Bangkok og i Bangkok, men spørsmålet er om dei tek sjansen. Vel dei å gjere motstand kan det bli eit blodbad, seier Tønnesson til NRK.no på telefon frå flyplassen i Bangkok.

Han fortel at hæren har hatt to dagar på seg til å stengje ned radio- og fjernsynskanalane til raudskjortene. No er også dei fleste leiarane arresterte.

For to dagar sidan erklærte hæren unntakstilstand i Thailand, men dei gjorde det då klart at det ikkje var snakk om eit militærkupp. Dette førte til forhandlingar, der alle grupperingar skulle delta. Truleg har generalane brukt dei to dagane sidan erklæringa om unntakstilstand til å førebu kuppet, meinerTønnesson.

– Greidde å flykte

Tønnesson fortel at kuppgeneralen hadde avtalt samtalar med raudskjortene i dag, men då møtet skulle starte fekk deltakarane beskjed om at dei var arresterte. Mange greidde å flykte, og fleire reiste til den internasjonale flyplassen, fortel den norske forskaren.

Opposisjonsleiaren Suthep Thaugsuban har leidd demonstrasjonane mot den sitjande førebelse regjeringa i eit halvt år. Regjeringa har vore leidd av tidlegare handelsminister Niwattumrong Boonsongpaisan.

Den thailandske hæren har i ettermiddag gitt alle demonstrantane ordre om å avslutte demonstrasjonane og gå heim. Det er innført portforbod frå klokka 22 til klokka 05 i morgon tidleg lokal tid.

LES OGSÅ: Hæren overtar makten i Thailand

LES OGSÅ: Thailands forvarssjef vil mekle

LES OGSÅ: – Mediene må samarbeide for å fortelle at det ikke er et kupp

SISTE NYTT

Siste nytt

NRK har geolokalisert videoene.

IDF: Israel har tatt kontroll over delar av Rafah

Israelske pansra køyretøy tok seg natt til tysdag inn i Rafah. No har israelske styrkar tatt kontroll over den palestinske sida av grenseovergangen ved Rafah, stadfestar IDF.