Hopp til innhold

Friskmelder korallrev etter Fiji-syklon

Syklonen Winston øydela store korallrev på Fiji. Fem år etter er livet tilbake. Det overraskar.

PKlqe7hOAXM

Korallrev ved kysten av Fiji.

Foto: VICTOR BONITO / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I februar 2016 kom syklonen Winston inn over Fiji med enorm kraft. Det var den sterkaste syklonen som nokon gong har vore registrert på den sørlege halvkula.

44 menneske miste livet, og heile landsbyar blei raserte. 40.000 bustadhus blei øydelagde.

Men også under havoverflata gjorde Winston skade. Store korallrev utanfor øyane Namena og Vatu-i-Ra blei fullstendig smadra av dei enorme bølgjene.

CYCLONE-FIJI/ A remote Fijian village is photographed from the air during a surveillance flight conducted by the New Zealand Defence Force following Cyclone Winston

Ein landsby på Fiji fotografert frå lufta etter syklonen.

Foto: HANDOUT / Reuters

Har gått raskt

Men fem år seinare kan forskarane glede seg over at livet er tilbake. Korallreva er bygde opp igjen, og tiltrekkjer seg store mengder fisk, akkurat som før.

Wildlife Conservation Society har gjennomført ein ekspedisjon med dykkarar som har undersøkt forholda. Dei konkluderer med korallane har komme seg igjen langt betre enn dei hadde rekna med.

Sangeeta Mangubhai, direktør for Wildlife Conservation Society på Fiji

Sangeeta Mangubhai

Foto: Wildlife Conservation Society

– Eg blei overraska over kor raskt det har gått, seier direktøren for Wildlife Conservation Society på Fiji, Sangeeta Mangubhai, til Guardian.

– Dette viser truleg at desse reva har ei god naturleg evne til å byggje seg opp igjen. Korallrev som er sunne og friske før dei blir utsette for noko så øydeleggjande som ein syklon, er langt betre i stand til å komme seg igjen, seier ho.

kW3gjq_LpKc

Fargeprakt ved kysten.

Foto: AFP

Viktige leveområde

Tropiske korallrev er viktige leveområde både for fisk og mange andre dyre- og planteartar. Dei fungerer som gyte- og oppvekstområde for fisken, og er svært viktige for økosystemet i havet.

25 prosent av alle artar i havet er avhengige av korallrev, ifølgje forskarar.

Dei marine verneområda ved Namena og Vatu-i-Ra dekkjer til saman nesten 200 kvadratkilometer, og omfattar ulike marine økosystem, med grunne rev, djupe passasjar og små øyar.

Wildlife Conservation Society på Fiji har gjennomført fleire kartleggingar etter syklonen i 2016.

– Det er viktig for oss å få meir kunnskap om kor øydeleggjande slike syklonar er for korallreva, og å lære meir om korleis dei kan byggje seg opp igjen, seier Sangeeta Mangubhai.

Korallrev Fiji

Store korallrev utanfor kysten av Fiji.

Foto: Eivind Molde / NRK

75 prosent er i fare

Funna frå denne kartlegginga er oppløftande i eit land der dei fleste, direkte eller indirekte, er avhengige av fiske, og dermed også av dei økosystema som sunne og levande korallrev skaper.

Men internasjonalt er ikkje biletet like positivt. Korallreva er trua av blant anna tråling, forureining frå industri og oljeverksemd, miljøgifter og eit surare og varmare hav som følgje av klimaendringane.

Rundt 75 prosent av korallreva i verda er i fare på grunn av menneskelege handlingar, ifølgje WWF-rapporten «Living Blue Planet Rapport» frå 2015.

SISTE NYTT

Siste nytt