Hopp til innhold

Trygg i «syklon-sikker» by: – Ingen hus blei skadd

KOROIPITA, FIJI (NRK): – Andre stader blei husa raserte, men syklonen Winston gjorde ingen skade her hos oss. Eg kjende meg heilt trygg, seier Avlyn Nand. Ho bur i den «syklon-sikre» byen Koroipita på Fiji.

Avlyn Nand i Koroipita

Avlyn Nand framfor det svært solide huset ho bur i.

Foto: Eivind Molde / NRK

Fiji er eit av dei landa i verda som er svært utsett for ekstremvêr. I februar i fjor blei Fiji råka av syklonen Winston, den sterkaste syklonen som nokon gong er registrert på den sørlege halvkula. 44 menneske miste livet, og heile landsbyar blei raserte.

Nordvest på Fiji, ikkje langt frå byen Lautoka, ligg Koroipita. Fattige familiar frå andre stader på Fiji har flytta hit – til ein by som er trygg å bu i – også når vinden rasar som verst. Husa i denne byen skal tole kva det måtte vere av ekstremt ver.

Bak prosjektet står Peter Drysdale i organisasjonen Model towns charitable trust.

Koroipita

Leik og moro for dei unge i Koroipita.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Var lei av å sjå hus blåse ned

– Eg har opplevd 25 syklonar her på Fiji. Eg var lei av å sjå hus blåse ned for så å bli sette opp igjen – igjen og igjen. Eg ville gjerne gjere noko for å bryte denne sirkelen. Eg bestemte meg for å byggje ein «syklon-sikker» by, seier Drysdale.

Byggjearbeidet starta i 2002. No er det 232 hus her, og talet skal auke til 266. Pengane har komme frå New Zealand Aid Programme, Rotary og andre organisasjonar, frå EU og frå styresmaktene på Fiji. Mange frivillige har vore med på å byggje opp byen.

Dronebilder viser store materielle skader på Fiji. Utdeling av vann og annen nødhjelp er i gang.

Dronebileta viser store øydeleggingar på Fiji etter syklonen Winston i februar 2016.

– Syklonen var fæl, men huset sto

Koroipita fekk seg ein skikkeleg test under syklonen Winston. I eitt av husa bur Alumita R. Auriaria.

– Syklonen var fæl, men huset sto. Andre stader blei husa raserte, men ingen hus blei øydelagde her, Det er eit svært solid hus, eg kjenner meg heilt trygg her, seier ho.

Solid hus i Koroipita

Alt er solid.

Foto: Eivind Molde / NRK

I nabohuset treffer vi Anila Devi og dottera Avlyn Nand.

– Eg sov då syklonen kom. Dette huset er berre solid. Dei einaste som blei litt øydelagt, var plantane utanfor huset, seier Avlyn Nand.

Ho og mora har budd i Koroipita i tre år. Huset dei hadde før, var i svært dåleg stand. Kontrasten er stor.

– Eg er spesielt glad for at det er så trygt og godt for borna her, seier Anila Devi.

Systue i Koroipita

Innbyggjarane i Koroipita får hjelp til å komme i gang med arbeid som kan gi inntekt. Alumita R. Auriaria (t.h.) og naboen er glade for å kunne bu og arbeide i trygge hus.

Foto: Eivind Molde / NRK

Skape eit godt liv

Prosjektet i Koroipita handlar om meir enn å gi folk ein trygg stad å bu.

– Vi tilbyr utdanning til både vaksne og born, vi hjelper folk å komme i gang med å skaffe seg inntekt, vi tilbyr ulike fritidsaktivitetar, og vi gir folk opplæring i hagearbeid. Vi prøver å skape eit godt liv for dei som kjem hit, fortel Peter Drysdale.

– Målet er at folk på sikt skal bli i stand til å skaffe seg ein eigen bustad i ein «vanleg» by, seier han.

Meir enn 1500 familiar står på venteliste for å komme til Koroipita. Men ingen hus er ledig.

Peter Drysdale, Model towns charitable trust

Peter Drysdale lanserte ideen om å byggje ein by som skal tole ekstremvêr av verste slag. No er ideen blitt ein realitet.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ein modell for andre

Drysdale håpar at Koroipita kan vere ein modell for ei meir omfattande satsing på «syklon-sikre» byar.

– Eg har levert styresmaktene ein plan for dei neste seks åra. Det eg foreslår, er i første omgang å byggje ein by etter mønster av Koroipita. Så foreslår eg ein mindre by der vi byggjer hus i betong, og at familiar som greier det økonomisk, kan kjøpe sitt eige hus. Det er neste steg, fortel Drysdale.

Han håpar Koroipita også kan vere ein modell for andre land i Stillehavsområdet som blir råka av naturkatastrofar.

Koroipita

Det er 232 hus i Koroipita no – det skal bli 266 før byen er ferdig utbygd.

Foto: Eivind Molde / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt