Hopp til innhold

Er dette republikanerane sin Obama?

Presidentvalkampen for 2012 blei natt til fredag uoffisielt sparka i gang. Afroamerikanske Herman Cain var ein av favorittane etter den første debatten i årets valkamp.

USA CAMPAIGN/DEBATE

PIZZA-GRÜNDER: Herman Cain vil nytte erfaringa si frå næringslivet som trumfkort i kampen mot dei etablerte politikarane.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Dei aller største namna haldt seg heime i natt, då den aller første presidentdebatten gjekk av stabelen i Greenville, South Carolina.

Av dei fem kandidatane som var med i debatten, er det Ron Paul og Herman Cain som er rekna som favorittane i den vidare presidentkampen.

Tidlegare guvernør i Minnesota, Tim Pawlenty, tidlegare New Mexico-guvernør Gary Johnson, Kongressrepresentant Ron Paul, tidlegare Senator i Pennsylvania Rick Santorum og forretningsmann Herman Cain var dei fem motstandarane som stilte opp i presidentdebatten arrangert av TV-kanalen Fox News.

Pizza-gründer

Herman Cain er ein nykomar i amerikansk politikk. Han nytter si manglande Washington-erfaring som trumfkort i ein valkamp der folk flest er trøtt og lei av vanlege politikarar.

Likeins med Barack Obama kjem Cain frå tronge kår, og jobba seg opp til å bli direktør i pizzakjeden Godfather Pizza. Han har etter kvart blitt eit Tea Party-ikon, og er i likeins med dei andre kandidatane sterk kritisk til skattar og statlege reguleringar.

– USA har ein fri marknad. Det at styresmaktene vel ut vinnarar og taparar og avgjer kvar dei skal investere pengane sine er ein katastrofe. Me har alt for mykje statleg innblanding i økonomien, sa Cain i debatten.

Ron Paul

OGSÅ FAVORITT: Ron Paul er omtala som den intellektuelle gudfaren til Tea-Party-rørsla.

Foto: Cheryl Gerber / AP

Kritisk til Obama

Kandidatane nytta høve til å rose Barack Obama for innsatsen som førte til aksjonen mot bin Laden.

Utanom dette var det svært få positive ord å registrere om den amerikanske presidenten. Tim Pawlenty var mellom anna dei som uttrykte sterk misnøye med Obama.

– Barack Obama er ein hyklar. Han nyttar alle dei same forhøyrsmetodane som han så skarpt kritiserte Bush for, sa den tidlegare guvernøren og refererte til metodane Obama nytta for å skaffe opplysningar om Osama bin Laden sin tilhaldsstad.

På spørsmålet om kandidatane vil publisere bilete av ein død Osama bin Laden, stadfesta alle at dei ville gjer det, medan Herman Cain er samd i Obama sin avgjersle om å ikkje publisere bileta.

Krigsmotstand eit heitt tema

Ron Paul og Gary Johnson markerte seg som dei skarpaste kritikarane av USA sine militære operasjonar.

– Eg vil ha soldatane våre heim i morgon. Me bygger vegar, skular og bruer i Irak og Afghanistan, og me låner 40 cent for kvar dollar me bruker for å få råd til det. Det er galskap i følgje mi meining, sa Gary Johnson.

Stiller seg avventande

Korkje Mitt Romney, Newt Gingrich, Sarah Palin eller Donald Trump var å sjå under debatten i South Carolina. Ingen av desse har slått heilt fast om dei kjem til å stille som presidentkandidat. Opptakten til 2012-valkampen er uvanleg treig i høve til kva som er vanleg.

Den haltande starten står i sterk kontrast til 2008-valkampen som var tidenes lengste.

Det endelege valet vil skje i november i 2012.

SISTE NYTT

Siste nytt