Det er snart to år sidan Barack Obama og John McCain erklærte seg som presidentkandidatar og begynte, kvar på sin kant, å samle pengar og politisk støtte, reise til dei første valmøta, holde talar og appellar og debattere og gi intervju og kjempe seg forbi hinder etter hinder og rival etter rival på vegen til Det kvite hus.
Dei må vere trøtte nå, som han sa diktaren.
Men nettopp da er det dei begge toppar innsatsen med ein døgnet-rundt valkamp i eit knippe nøkkelstatar som kjem til å avgjøre kven av dei som blir USAs neste president.
Like imponerande er entusiasmen som kjem til uttrykk gjennom den politiske dugnaden på grasrota. Ei levande folkerørsle, der frivillige i titusental går frå dør til dør for å snakke med folk og registrere veljarar og vil hjelpe dei til stemmelokala, eller som hutrar i timesvis langs vegane med valplakatar, i håp om at i alle fall ein av dei som kjører forbi skal sjå lyset og gi stemma si til den rette kandidaten.
Kroner ein, kroner to...
Det er også tidenes dyraste valkamp.
Obama har aleine brukt nesten to milliardar kroner på 30 sekunders reklamesnuttar på TV. Onsdag kjøpte han halvtimar på fleire av dei nasjonale kanalane.
Les:
Det vitnar i alle fall om politisk interesse at programmet til Obama hadde fleire sjåarar enn den amerikanske Idol-finalen hadde tidlegare i år.
Sjølv om bodskapen frå kandidatane i desse reklamesnuttane har vore like mye fokusert på motstandaren som på eigen politikk, er ikkje valkampen blitt så skitten som det var grunn til å frykte.
Tidlege forsøk på å spreie møkk slo tilbake på den som spreidde. Veljarane ville ikkje ha det.
Men vi ser likevel nå i innspurten nye forsøk, der McCain-leiren i desperasjon prøver å så tvil om Obama ved igjen å hale fram det minste samband han kan ha hatt med tvilsame figurar som for lengst er ute av soga.
Video: McCain presenterer nye strategier i Saturday Night Live.
Dødsangsten er stor blant republikanarane.
Dei fryktar dobbelt tap, at Obama skal ta Det kvite hus og demokratane få så stort fleirtal i Kongressen at dei i praksis har all makt.
Les:
Det republikanske partiet finansierer nå TV-snuttar for kongresskandidatar som ber om stemma til veljarane i sitt område, fordi det er den einaste republikanske gevinsten dei kan håpe på i og med at Obama slår McCain og mange andre republikanske kandidatar også kjem til å tape.
Mac is back
Men den som tilsynelatande ikkje har gitt opp, er McCain.
Han vil igjen prøve å vise at han er the comeback kid nå når alle trur at han har tapt, på same måten som han reiste seg og vann i nominasjonskampen for eitt år sidan.
Nå er det valstrategane og avansert matematikk som styrer kandidatane desse siste 72 timane, der McCain og Obama knapt veit når dei vaknar om morgenen kor dei vil legge seg til å sove om kvelden.
Begge leirar driv nærast minutt-til-minutt meiningsmåling og registrerer den minste endring før dei avgjør kor kandidaten skal ta det neste valmøtet.
Som når Obama etter å ha besøkt både Nevada, Colorado og Montana i løpet av dagen, plutseleg har fått beskjed om å legge inn eit kveldsmøte i Missouri.
Valras?
Men det er ei påfallande utbreidd oppfatning at Obama vinn valet. Det blir eit valras for demokratane, seier analytikarar som er kjente for å vere tilbakeholdne og varsame i dei politiske analysane sine.
Noe av det siste kandidatane gjør i valkampen er å vere med i ei TV-sending i ein pause i fotballkampen mandag kveld, mellom Washington Redskins og Pittsburgh Steelers.
Les:
Obama har alt fått kritikk for at han har tatt parti i kampar i baseball, men er likevel ikkje redd for å uttale seg om kampen mandag. Det blir Pittsburgh, seier han. Eigaren av laget er ein viktig støttespelar for Obama.
Les:
Men Obama kan ha ein annan tanke bak: Kvar gong Washington Redskins har vunne den siste heimekampen sin før valet dei siste 60 åra, har partiet som har site i Det kvite hus vunne valet.
Så taper Redskins mandag, er det lite lovande for Obama.