Hopp til innhold

Første corona-dødsfall utanfor Kina

Det første dødsfallet av coronaviruset utanfor Kina, er registrert på Filippinane. I Kina er ein ny millionby isolert.

Et barn får på ansiktsmasker i Hanoi i Vietnam

Eit barn får på ansiktsmaske i Hanoi i Vietnam. Smitten er no registrert i 27 land. Vietnam er eit av 27 land som har fått smitten.

Foto: NHAC NGUYEN / AFP/NTB Scanpix

Helsedepartementet i Filippinane opplyser at ein 44 år gammal kinesisk mann frå Wuhan vart lagd inn på sjukehus i Manila 25. januar med symptom på corona-viruset.

Han fekk etter kvart lungebetennelse, og sjølv om han først såg ut til å bli betre, vart han gradvis verre dei siste 24 timane før han døydde.

Den 38 år gamle sambuaren til mannen, også ho frå Wuhan, testa positivt for viruset og ligg framleis i isolat i Manila.

Talet på døde av viruset i Kina vart tidleg søndag morgon 304 og fleire har fått lungeviruset, og over 14.000 kan vere smitta, ifølgje kinesiske styresmakter.

Ny kinesisk by vert isolert

I Kina har styresmaktene stengt av millionbyen Wenzhou for å hindre vidare spreiing av corona-smitten, melder nyheitsbyrået AFP. 46 bomstasjonar og alle vegar inn til byen vart søndag sperra.

Inne i byen får berre éin person frå kvar hushaldning gå ut annankvar dag for å handle mat og andre naudsynte varer.

Stenginga rammer badeanlegg, kinoar og museum i byen. Skular og universitet får ikkje opne før tidlegast 1. mars.

Private verksemder og bedrifter får ikkje starte opp igjen før 17. februar, men statlege institusjonar og offentleg administrasjon kan truleg opne att om ei veke, ifølgje AFP.

Wenzhou har 265 stadfesta smittetilfelle. Byen ligg aust i Kina, utanfor Hubei-provinsen der smitten oppstod i desember.

Smitta i 27 land

Utanfor Kina er det registrert ei rekke smitta, mellom anna i USA, Australia, Asia og Europa, men ingen døde før dødsfallet på Filippinane.

Viruset er så langt registrert i 27 land. Over 14.000 har vorte sjuke. I Norden er folk smitta i Sverige og Finland.

Reisende kontrolleres på en jernbanestasjon i Beijing i Kina

Reisande blir kontrollerte på ein jernbanestasjon i Beijing i Kina søndag.

Foto: NOEL CELIS / AFP/NTB Scanpix

Sperrer grensene

Filippinane har stansa alle innreiser frå Kina.

Stadig fleire land verda rundt forbyr no utlendingar som kjem frå Kina, innreise, i eit forsøk på å stanse den raske spreiinga av epidemien.

USA og Australia har allereie stengt grensene. New Zealand, Russland, Japan, Pakistan og Italia har varsla liknande reiserestriksjonar.

Rabindra Abeyasinghe som er Verdshelseorganisasjonens representant på Filippinane, seier at det første smittetilfellet utanfor Kina, ikkje har oppstått lokalt. Ho understrekar at mannen høgst sannsynleg var smitta i heimlandet før han kom til Manila.

Les òg:

SISTE NYTT

Siste nytt