I Kina har over 250 menneske så langt døydd av viruset. Denne veka vart det også kjent at utanriksdepartementet jobbar med å hente heim nordmenn frå Kina.
Linda Emilia Koskinen Hjelle frå Jølster jobbar på den norske ambassaden i Beijing i Kina, sjølv om ho akkurat no har mammaperm.
– Fordi det er vinter i Beijing så «rømde» vi ned til Hainan. Her har vi vore i to månader. Hainan-provinsen er heilt sør i Kina og er det er kinesiske svaret på «Syden», seier Hjelle.
PÅ TUR: Linda Emilia Koskinen Hjelle har teke med seg familien på sydentur i Kina, men uansett kvar du er i landet er det coronaviruset som pregar samfunnet.
Foto: PrivatSjølvsydde munnbind
– Akkurat no trur eg ikkje det betyr noko kvar du er i Kina. Coronaviruset er det som opptek alle uansett kvar du er. Det er temperaturmålingar og påbod om å gå med maske over alt. Det er i grunnen berre det som er i nyheitene no, seier Hjelle.
– Ja, kva må du til dømes gjere når du skal ut og handle?
– På supermarknaden er det påbode å gå med maske.
Problemet for familien er at det ikkje er så lett å få tak i masker og munnbind.
– Dei har vore utselde for munnbind i ei veke no, så det har vi ikkje fått tak i. For å kome gjennom kontrollen på supermarknaden måtte vi sy oss munnbind sjølve, seier Hjelle.
Alt du treng vite om coronaviruset
PÅBOD: Det er påbode å bruke munnbind og alle som skal på supermarknaden må måle kroppstemperaturen.
Foto: PrivatTar tempen på supermarknaden
Alle tar påboda svært alvorleg, og i alle butikkar og supermarknadar står det folk og måler temperaturen på dei som kjem.
Som mor til ein åtte månader gammal gut kjenner også Hjelle litt på smittefrykta.
– Eg er jo uroleg fordi vi har ein som er litt meir sårbar for virus enn vi vaksne, samstundes så må eg seie at vi er rolege.
Då er dei kanskje meir urolege heime i Noreg. Hjelle fortel ho får meldingar frå slekt og vener som er bekymra.
– Ja, spesielt foreldra mine sjølvsagt, men også frå andre. Eg legg ut litt bilete på Instagram om korleis vi har det, slik at folk kan sjå korleis det ligg an.
Trur toppen snart er nådd
Hjelle trur sjukdomsutbrotet vil nå toppen i løpet av februar, og understrekar at dei ikkje er urolege.
– Vi føler at situasjonen er under kontroll. Det er sjølvsagt eit ekkelt virus, men vi snakkar ikkje om ebola. Det er ein luftvegsinfeksjon som kan vere farleg for sårbare grupper.
Men sjukdomsutbrotet har ført til at dei held seg meir innandørs enn dei elles ville ha gjort.
– Bortsett frå supermarknaden, så er dei aller fleste butikkane stengde. Det same er severdigheiter og turistattraksjonar der ein må løyse billettar for kome inn. Så anten er vi heime, eller så tar vi bilen og køyrer til ei strand eller ein annan stad der det ikkje er andre menneske.