NRK Meny
Normal

Folk flyttar frå flaumen i Houston

HOUSTON (NRK) Store nedbørsmengder dei siste dagane gjer at fleire demningar i Houston står i fare for å fløyme over. No reiser mange frå heimane sine.

Gå til forsiden

Sjå NRK-bilete frå flaumen

Flom Houston Texas

Sjå NRK-bilete frå flaumen

13 bilder

    I eit husvognområde i Rayford utanfor Houston arbeider folk på spreng for å redde unna det som kan reddast frå flaumen. Etter fire dagar med enorme mengder nedbør i samband med uveret Harvey, står både bilar og husvogner under vatn.

    NRK møter ein av dei som evakuerte heimen sin måndag, Keith Tidder. Han er tilbake tysdag for å sjå korleis det ser ut i området.

    – Vi bur i ei husvogn rett der borte, men vi kjem oss ikkje fram fordi vatnet stenger vegen, seier han.

    Keith Tidder evakuert etter flom

    Keith Tidder måtte evakuere med familien då husvogna deira blei råka av flaumen etter uveret Harvey.

    Foto: Tove Bjørgaas / NRK

    Han fortel at det var fleire som valde å bli igjen i flaumområdet dagen før.

    – Det var kanskje ti til femten personar som ikkje evakuerte i går. Men barnefamiliar og eldre reiste. Vi har to gutar, og valde difor å reise. Vi veit ikkje kor mykje som har forsvunne i flaumen, men det betyr ikkje så mykje. Det meste kan uansett erstattast.

    Han og familien bur no hos slekt som ikkje er så hardt råka.

    Låner ut båten

    Ein av dei som valde å bli igjen då naboane reiste, var Doug Buckley. Huset hans er eitt av fire-fem hus som ikkje er ramma av flaumen. Han fraktar folk som treng å kome seg inn og ut av området.

    – Det er mange som vil sjekke korleis ille heimane deira er råka, eller som vil prøve å hente ut eigedelar dei ikkje fekk med seg då dei reiste.

    Evakuerte bruker båt etter flom i Houston Texas

    Doug Buckley gjekk klar flaumen denne gongen. No tilbyr han båtskyss til flaumoffer som må inn og ut av området.

    Foto: Lars Os / NRK

    Han fortel at området er flaumutsett, så dei er vande med at det delar av området kan vere avstengd og at dei må forlate heimane sine midlertidig.

    – Men denne gongen ser det ut som vi går klar, seier han.

    Fare for meir flaum

    Men faren for at fleire må forlate heimane sine, er stor. Dammar og demningar rundt Houston klarer ikkje å ta unna alt regnvatnet som kjem. Difor har ingeniørar byrja å sleppe ut vatnet for å minske presset, men det ser ikkje ut til at det er nok til å hindre at vasstanden stig.

    Alt vatnet gjer at bustader og gater i millionbyen står under vatn. Enkelte bustader vil truleg stå under vatn i opp mot ein månad, melder amerikanske styresmakter.

    Flom Houston Texas

    Det har regna i fire dagar i Texas. Det er uvisst kor lenge ein del område kjem til å stå under vatn når regner gir seg.

    Foto: Lars Os / NRK
    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt