Hopp til innhold

FN: Fleire hadde skotskadar etter matkø i Gaza

Mange av dei som blei skadde under utdeling av mat torsdag, har skotskadar og har måtte amputere, seier FN. No meiner dei det hastar med å få inn meir naudhjelp på Gazastripa.

112 palestinarar mista livet og 760 blei skadde då tusenvis av menneske omringa ei kolonne med hjelpesendingar i det nordlege Gaza torsdag.

Hjelpesendingane blei eskortert av soldatar frå det israelske forsvaret (IDF), og Hamas skuldar Israel for å ha skote mot sivile.

IDF har vedgått at dei skaut varselskot i samband med hendinga, men seier dei fleste døydde i trengselen som oppstod då lastebilane blei storma.

Men i eit intervju med CNN avviser Mark Regev, som er spesialrådgjevar for Israels statsminister Benjamin Netanyahu, at Israel var innblanda. Han hevda at skota kom frå palestinske væpna grupper.

Verdas matvareprogram har åtvara mot hungersnaud nord i Gaza, der rundt 300.000 menneske manglar mat og reint vatn.

Mennesker står i kø for å få utdelt mat og nødhjelp nord i Gaza.

Palestinarar står i matkø i byen Beit Lahiya nord på Gazastripa. Biletet er frå 26. februar.

Foto: AFP

Fleire med skotskadar

Om lag 200 av dei som blei skadde torsdag, blei frakta til al-Shifa-sjukehuset i Gaza by for behandling.

Utsendingar frå FN er i Gaza, og har besøkt dei skadde på sjukehuset.

– Vi har sett menneske med skotskadar Vi har sett menneske som har måtte amputere. Vi har sett barn så unge som 12 år vere skadde, seier leiaren for Gaza-kontoret til FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA), Georgios Petropoulos i ein video.

Skadde palestinere på sykehus i Gaza.

Over 700 menneske blei skadde under utdelinga av mat i Gaza. Her frå al-Shifa sjukehuset i Gaza by.

Foto: Kosay Al Nemer / Reuters

Også ved al-Awda-sjukehuset skal fleire av dei skadde ha fått skotskadar. I tillegg skal fleire av dei skadde ha brotskadar etter hendinga, skriv BBC.

FN seier dei ikkje veit om teamet dei har inne i Gaza har fått undersøkt dei drepne etter hendinga torsdag.

Krev etterforsking

Storbritannias utanriksminister David Cameron kallar dødsfalla forferdelege, og at det no er heilt avgjerande å få etterforska hendinga for å finne ut kva som skjedde.

– Dette må ikkje skje igjen, seier han, ifølge BBC.

Også den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock og Frankrikes Stephan Sejourne støttar kravet om ei uavhengig etterforsking av hendinga, skriv AFP.

Medan Europakommisjonens president Ursula von der Leyen seier at vi må gjere alt vi kan for å undersøke kva som skjedde og sikre openheit.

Ein talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet seier at videoen av hendinga viser kor desperat situasjonen er i Gaza.

Les også 112 palestinere drept i matkø – USA blokkerer fordømmelse

IDF på X.

Ber om opning av grensene

Tidlegare denne veka fortalde generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen om den desperate situasjonen på Gazastripa. Folk manglar mat og naudhjelp, og dette fører til lovlause tilstandar.

På same tid står lastebilane med hjelpesendingar i kø på grensa inn mot Gaza.

Situasjonen på Gazastripen hvor folk mangler mat og nødhjelp fører nærmest til lovløse tilstander, forteller Flyktninghjelpens generalsekretær, Jan Egeland.

Situasjonen på Gazastripen der folk manglar mat og nødhjelp fører nærmast til lovløyse tilstandar, fortel Flyktninghjelpens generalsekretær, Jan Egeland.

Petropoulos seier det er avgjerande at grensene inn til Gaza blir opna.

– Vi håper at vi dei neste dagane kan få inn store hjelpesendingar med mat til Nord-Gaza. På den måten kan vi kome i kontakt med folk, snakke med dei, og få oversikt over kva andre behov dei har.

Vil sleppe naudhjelp frå lufta

USAs president Joe Biden seier dei i løpet av få dagar, i samarbeid med Jordan, vil sleppe naudhjelp og mat frå fly over Gaza.

– Tapet av liv er hjarteskjerande. Vi må gjere meir, og USA vil gjere meir, sa den amerikanske presidenten fredag.

USAs president Joe Biden møter Italias statsminister Giorgia Meloni i Washington.

USAs president Joe Biden kom med lovnader om naudhjelp til Gaza då han møtte Italias statsminister Giorgia Meloni.

Foto: AFP

Men kritikarar meiner kunngjeringa tyder på at Biden har gjeve opp å få til ei våpenkvile, slik at ein kan få køyrd inn hjelpesendingar.

Dei trur heller ikkje USA vil tvinge Israel til å godta ein slik innsats, skriv The Guardian.

– Å sleppe naudhjelp frå lufta er ikkje løysinga for å få slutt på lidingane. Alt diplomatisk fokus bør vere på å sikre at Israel opphevar omleiringa av Gaza, seier den humanitære organisasjonen IRC til avisa.

Mennesker løper til når hjelpesendinger blir droppet over Gaza by

Folk strøymde til då ei hjelpesending blei slept frå fly over Gaza by fredag.

Foto: AFP

Frankrike og Jordan har allereie gjennomført dropp av naudhjelp over Gaza. Men dette blir sett på som ein langt mindre effektiv måte samanlikna med hjelpesendingar som blir køyrde inn med bil.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.