Hopp til innhold

Evakuerte Fukushima-kraftverket etter røykutvikling ved to reaktorar

Arbeidarar ved Fukushima-kraftverket måtte evakuere etter at røyk kom ut frå reaktor tre i dag tidleg. Det kjem no kvit røyk frå reaktor to.

Grå røyk frå reaktor tre ved Fukushima

Grå røyk frå reaktor tre ved Fukushima-kraftverket i Japan.

Foto: Ap

Arbeidarar ved Fukushima-anlegget må evakuere

Arbeidarar ved Fukushima-anlegget må evakuere etter at det er registrert røyk frå den øydelagde reaktor tre.

Foto: GROUND SELF-DEFENSE FORCE / Afp

Frode Pleym jobbar for Greenpeace i Japan

Seniorrådgjevar i Greenpeace, Frode Pleym, meiner ein ikkje kan stole på alle oppdateringane frå japanske myndigheiter.

Foto: Greenpeace / Scanpix

Det kjem kvit røyk frå reaktor to ved Fukushima-kraftverket i Japan, ifølgje nyheitsbyrået Jiji. Dette skal vere damp som ikkje stammar frå kjerna, seier eigaren TEPCO ifølgje nyheitsbyrået Kyodo.

Tidlegare i dag måtte arbeidarar evakuere etter at det vart registrert røyk frå reaktor tre. Denne røyken skal no vere stansa.

Nivået av radioaktiv stråling utanfor kraftverket skal ikkje ha endra seg nemneverdig, melder det japanske kjernekraftverkbyrået måndag føremiddag.

– Akkurat no står det ikkje spesielt dårleg til ved kjernekraftverket, men vi følgjer nøye med på situasjonen, seier regjeringstalsmann Yukio Edano til nyheitsbyrået AFP.

– Ikkje til å stole på

Den informasjonen meiner seniorrådgjevar for Greespeace, Frode Pleym, ein ikkje skal ha for mykje tillit til.

– For å vere ærleg, så har eg ikkje full tillit til at all informasjon om kjem ut, er heilt oppdatert, seier han.

Han viser til at det japanske strålevernet i går vart spurde om dei kunne vere sikre på at evakueringssona var stor nok, og at dei då svarte at «Ja, det er ho. Sjølv i verste scenario vil ho vere stor nok».

– Det er strikk i strid med internasjonale råd, påpeikar Pleym.

Vurerer å sleppe ut damp

Også i dag arbeider ingeniørane ved Fukushima for å få kontroll over situasjonen.

To av reaktorane, som var stengde då jordskjelvet kom, skal no ha fått straum. Men det er framleis problem med spesielt reaktor 3 , der trykket igjen byggjer seg opp.

Det blir no vurdert om ein skal sleppe ut radioaktiv damp for å lette på trykket og hindre ein eventuell eksplosjon.

Det vil i tilfelle vere dårleg nytt for japanske konsumentar, som i dag må svelge nyheitene om at det er målt meir alvorlege nivå av radioaktiv stråling i matvarer enn ein trudde tidlegare.

Alt sal av mat frå regionen vart stansa før helga, og det vart målt høge verdiar av radioaktivitet også i drikkevatnet .

Vil unngå panikk

Atomkraftverket Fukushima Daiichi i Japan

Arbeidarane ved Fukushima-kraftverket prøver å kjøle ned reaktorane med vatn.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Pleym fortel at folk i Tokyo-regionen ikkje blir spesielt oppskaka av mat- og drikke-nyheitene, men at det er verre i områda rundt det råka kjernekraftverket i Fukushima.

– Der er det vanskeleg å få folk nok til å delta i redningsarbeidet, seier han.

Han meiner den japanske regjeringa held tilbake informasjon for å halde det japanske folket rolege.

– Det er ein vanskeleg balansegang. Eg trur dei gir ut ufullstendig informasjon for ikkje å skape panikk, seier Pleym.

Han vurderer at japanarane gjer så godt dei kan, men at det rett og slett har blitt for mykje for dei. Han vil ha inn internasjonal ekspertise for å verifisere målingar.

– Vi må gire opp

Japans statsminister Naoto Kan

Den japanske statsministeren Naoto Kan ber folk i Japan om å gjere seg klare til å byggje opp igjen landet.

Foto: STR / Afp

Den japanske statsministeren Naoto Kan skulle i dag ha besøkt katastrofeområda for å sjå på øydeleggingane, og sjå nermare på området nerme Fukushima.

Turen er avlyst på grunn av dårleg vêr.

Kan følgjer likevel utviklinga nøye, og seier ifølgje det japanske nyheitsbyrået Kyodo at det går sakte men sikkert framover ved Fukushima.

– Den kritiske fasen er ikkje over, men vi kan sjå positive lysglimt, seier han ifølgje det japanske nyheitsbyrået Kyodo.

No ber han japanarane om å førebu seg på ei hard framtid.

– Vi må gire opp og gjere oss klare til å byggje opp landet etter jordskjelvet, seier han.

Kan takkar også politi og brannmenn og alle andre som risikerer livet for å redde Japan og japanarane.

Evakuerte frå Futaba

Japanarane må brette opp ermane og gjere seg klare til å byggje opp igjen landet etter tsunamiøydeleggingane.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt