Hopp til innhold

Problemet er løyst etter at fleire store nettstader var nede

Fleire store nettstader var nede tysdag. Leverandøren Fastly seier no at dei har funne årsaka til problemet.

Skjermdump

Skjermdump: The Guardian nyttar Twitter til å oppdatera med, i og med nettsida deira er heilt nede.

Som følgje av ein feil hjå leverandøren Fastly, opplevde fleire store nettstader verda rundt problem tysdag.

Fastly oppdaterer no at dei har funne årsaka, og at dei arbeider med å fiksa problemet.

Dei skriv at kundar kan oppleva belastningar når dei globale tenestene kjem tilbake.

Fastly. Skjermdump.

Store nettstader hadde problem

Blant nettstadene som opplevde problem var Amazon, CNN og New York Times

Skjermdump

Skjermdump. CNN.

Også Spotify, Reddit, HBO Max, PayPal, Hulu og Twitter hadde store problem, ifølgje nettstaden Downdetector.

Også VG opplevde problem med artiklane sine tysdag, som følgje at den amerikanske leverandøren Fastly hadde problem.

Mistenkjer de angrep?

– Vi mistenkjer absolutt ingenting. Vi veit ikkje kva for dette er for noko. Vi berre registrerer at dette har skjedd over heile kloden, sa Gard Steiro i VG.

– Det er ikkje noko som tyder på at dette er retta mot VG slik som vi ser på situasjonen no, la han til.

Schibsted er Fastly-kunde – alle avisene fekk problem

Fastly blir nytta av Schibsted.

– Rundt 11.50 fekk ein av våre leverandørar sine serverar problem. Mange av dei store medieaktørane i verda blei ramma, blant anna vi. Så alle våre aviser blei på ein eller annan måte råka av dette, sa Sven Størmer Thaulow, konserdirektør for data og teknoolgi.

– Det vi gjer då er å ta plan B i bruk, som rett og slett er å ruta trafikken rett til våre eigne serverar. Då går det litt treigare, men det verkar. No ser det ut som at alt er tilnærma tilbake til normalen, la han til.

– Mest sannsynleg teknisk svikt

– Når det er fleire store plattformer som er nede, så bruker dei gjerne same type infrastruktur. Det ser ut som det er leveringsnettverket Fastly som er grunnen til at dei er nede, sa Martin Ingesen, ekspert på IT-sikkerheit.

Han fortalde at det truleg var ein teknisk svikt hjå Fastly, men at ein har sett at slike type leverandørar har vore eit målretta angrep før, med den hensikta å ta ned nettsider.

– Men det er på ein måte ikkje hacking, det er meir eit «tenestenektsangrep», seier han.

– Så du ser på dette som ein teknisk svikt?

– Inntil vidare så vil eg tru det. Men ein skal ikkje sjå bort ifrå at det kan vera anten målretta mot den bedrifta, eller målretta mot ein av kundane som brukar dette nettverket, svarde Ingesen.

The Guardian måtte nytta Twitter

The Guardian sin teknologi-redaktør dekkjer saka med at The Guardian er nede via ein tråd på Twitter.

– The Guardian si side er heilt nede, så denne tråden er no vår formelle direkteblogg, skriv han.

The Guardian si nettside er no oppe og går igjen.

Skjermdump

SISTE NYTT

Siste nytt