Fleire ministrar trekkjer seg frå den britiske regjeringa

To ministrar og to statssekretærar har trekt seg i protest mot utkastet til brexit-avtale. Statsminister Theresa May står fast ved at avtala er god, og kallar den «betre enn den norske modellen».

Theresa May i parlamentet

Theresa May presenterte brexit-utkastet i Underhuset i dag.

Foto: Handout / Reuters

Etter knappe fire månader i jobben valde Dominic Raab å gå av som brexitminister. Han tok over jobben etter David Davis, som trekte seg i juli.

– Eg kan ikkje med godt samvit støtte vilkåra som er føreslåtte for vår avtale med EU, skriv Raab på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Der har han også lagt ut ein kopi av oppseiingsbrevet han har gitt til May, og forklarar kvifor han ikkje kan støtte forslaget til avtala han sjølv har vore med å forhandle fram.

Av omsyn til fredsprosessen i Nord-Irland har det vore avgjerande for både EU og Storbritannia å nå fram til ei løysing, som sikrar at ein slepp å innføre ny grensekontroll.

Ifølgje avtaleutkastet er dette noko ein skal løyse seinare, gjennom ei ny frihandelsavtale. Raab påpeikar at dette betyr at EU kan få eit «veto», dersom Storbritannia ønskjer å gå ut av avtala.

Fleire som går

Sjølv om May klarte å få støtte til forslaget i regjeringa, skal ifølgje Sky News fleire av statsrådane ha vore kritiske til avtaleteksten, og ønskte ikkje å godkjenne den.

Dominic Raab

Brexitminister Dominic Raab er blant fleire ministrar som har trekt seg i protest.

Foto: Matt Dunham / AP

Den første som trekte seg var Shailesh Vara, statssekretær ved Nord-Irland-kontoret til den britiske regjeringa.

Ein dryg time seinare kom meldinga om at Raab også trekkjer seg. Han fekk raskt følgje av arbeids- og pensjonsminister Esther McVey, som heller ikkje kunne stille seg bak forslaget.

Det same gjorde Suella Braverman, som er statssekretær under tidlegare brexitminister Raab.

Mistillit

Samtidig som fleire av ministrane i regjeringa går av, verserer det rykte om at Mays konservative partifellar prøver å samle støtte til ei mistillitsrøysting, mot statsministeren.

Den konservative parlamentsmedlemmen Anna Soubry skriv på Twitter at Storbritannia no treng ei regjering som står samla.

– Raabs avgang markerer slutten på utmeldingsavtala til statsministeren. Dette er veldig alvorleg. Statsministeren kjem heilt klart til å vurdere stillinga si, skriv Soubry.

Laster Twitter-innhold

For å stille eit mistillitsforslag mot May, må det kome minst 48 brev frå konservative parlamentsmedlemmar, som fremjar dette kravet i skriftleg form.

Parlamentsmedlem Anne Marie Morris seier til BBC at ho trur at så mange konservative medlemmar har levert brev om mistillit, at dette kjem til å utløyse ein leiarkamp.

– Dette er ikkje tida for hennar leiarskap, seier Morris, som meiner at det er nok tid til å setje inn ein ny statsminister, og endre kurs for brexit.

Uro i eigne rekker

Med røystene frå sitt eige parti og frå dei nord-irske unionistane, som støtter regjeringa, har May nok røyster til å få eit fleirtal. Det er likevel ikkje sikkert at May kan rekne med støtta frå nordirane

Nigel Dodds

Nigel Dodds frå det nord-irske partiet Democratic Unionist Party er heller ikkje nøgd med avtala May har lagt på bordet.

Foto: Henry Nicholls / Reuters

Nigel Dodds er nestleiar partiet DUP. Han skuldar henne for å ikkje lytte, og for å bryte løfter om framtida for Nord-Irland.

Dodds bad også parlamentsmedlemmane om å røyste i mot ei brexit-avtale som kjem til å splitte Storbritannia.

Dersom det nord-irske partiet ikkje lenger støttar regjeringa, har ikkje May fleirtal, skriv politisk redaktør i avisa Daily Mail, Jason Groves, på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Betre enn den norske

Torsdag føremiddag presenterte May utkastet i Underhuset. Ho meiner regjeringa har oppnådd noko mange meinte ikkje vart mogleg.

– Vi blei fortalt at vi hadde eit val mellom to ting – Noreg-modellen og Canada-modellen, og at vi ikkje kunne få ei skreddarsydd avtale. Men skissa til politisk erklæring inneber ei ordning som er betre for vårt land enn begge desse, sa May.

Avtala Storbritannia har forhandla fram med EU er, ifølgje May, ei meir ambisiøs frihandelsavtale enn EU har med noko anna land.

Tusk og Barnier

EUs president Donald Tusk (t.h.) fekk i dag overlevert utkastet til ei brexit-avtale mellom EU og Storbritannia, frå EUs sjefforhandlar Michel Barnier.

Foto: Emmanuel Dunand / AFP

Planlegg toppmøte

Planen er at EU skal halde eit ekstraordinært toppmøte søndag 25. november, for å formalisere skilsmisseavtala med Storbritannia.

– Sjølv om det er trist å sjå at de forlèt oss, så skal eg gjere mitt beste for at dette blir ein så smertefri avskjed som mogleg, sa EUs president Donald Tusk.

Både han og EUs sjefforhandlar Michel Barnier understrekar at det framleis er mykje arbeid som står att før ein har ei endeleg avtale på plass.

SISTE NYTT

Siste nytt