Hopp til innhold

Fire år sidan ETA stansa terroren

For fire år sidan i dag la den baskiske separatistorganisasjonen ETA la ned våpena. 43 år med terror hadde kosta 850 menneske livet, og målet om eit sjølvstendig Baskarland var like fjernt.

ETA annonserer at dei legg ned våpna.

Maskerte leiarar i ETA annonserte 20. oktober 2011 at organisasjonen hadde lagt ned våpena for godt.

Foto: - / Afp

Kommentatoren og journalisten Luis R. Aizopela i den spanske storavisa El Pais meiner det var arrestasjonen av Mikel Carrera, rekna som ETAs siste general, i 2010 som var den viktigaste enkelthendinga som førte til at den frykta organisasjonen stansa valdsbruken.

I tillegg kom også ei stadig aukande rift mellom den sivile og den militære delen av separatistorganisasjonen gjennom heile perioden som Aizpeola kallar det siste kapittelet i ETAs historie.

Angrep mot Barajas-flyplassen

Demonstrasjon i San Sebastian.

Den væpna kampen for eit sjølvstendig Baskarland er over, men den politiske kampen er framleis levande. Her frå ein demonstrasjon i San Sebastián sist laurdag til støtte for fengsla baskiske leiarar.

Foto: VINCENT WEST / Reuters

Det siste kapittelet, seier han, starta med bombeangrepet mot terminal 4 på Barajas-flyplassen i Madrid i desember 2006, som markerte brotet på våpenkvila ETA hadde inngått med den sosialdemokratiske regjeringa til statsminister Jose Luis Rodrigues Zapatero. Kapittelet slutta med lovnaden om å leggje ned våpena 20. oktober 2011.

To menneske vart drepne i angrepet mot flyplassen, som skapte ein sterk splid mellom den militære delen av ETA og dei venstreorienterte politikarane som tidlegare hadde støtta den væpna kampen mot styresmaktene. No var denne gruppa politikarar innstilte på å fremje krava om baskisk sjølvstende gjennom politiske kanalar.

Det vart inngått ein ny våpenkvile, men ETA braut denne i juni 2007. Mellom juni 2007 og juli 2008 var det att fem ETA-celler som var klare til å gjennomføre angrep, men spanske tryggingsstyrkar greidde å bryte opp alle fem cellene.

Over 500 arresterte

I perioden mai til desember 2008 vart tre viktige leiarar i organisasjonen, blant dei Javier Lopez Pena (Thierry) og Mikel Garikoitz Aspiazu Rubina (Txeroki), arresterte av spansk politi.

Mellom juni 2007 og oktober 2011 arresterte politiet 440 ETA-medlemer og ytterlegare 110 personar med band til baskiske ungdomsgjengar, som i hovudsak dreiv hærverk mot offentlege transportmiddel, bankfilialar og gatemiljø.

Etter desse arrestasjonane var det ikkje mykje igjen av ETA, ifølgje Luis R. Aizopela.

Mange ETA-medlemer skjulte seg i Frankrike på denne tida, og eit tett samarbeid mellom spansk og fransk politi var ei viktig årsak til at så mange vart arresterte.

Den siste generalen

Mikel Carrera, han som vart kalla den siste generalen i ETA, nekta å leggje ned våpena, men han vart arrestert i mai 2010. Ei ny våpenkvile vart annonsert i september 2010, og i januar 2011 stansa organisasjonen formelt å bruke utpressing overfor velståande forretningsmenn for å skaffe pengar.

Ein konferanse som vart arrangert i San Sebastián, der Kofi Annan og fleire andre internasjonale meklarar deltok, kravde at ETA måtte gå ut offentleg og annonsere at dei ikkje lenger ville bruke vald.

Tre dagar etter, 20. oktober 2011, kom fråsegna frå ETA med lovnad om å stanse valdsbruken.

SISTE NYTT

Siste nytt