Hopp til innhold

Fiji om klimafinansiering: Dette må fiksast!

FIJI (NRK): – Vi kjem til Bonn med ein klar beskjed om at det hastar. Manglande finansiering av klimatiltak er eit alvorleg problem, og det må løysast, seier statsministeren på Fiji, Frank Bainimarama.

Barn i Narikoso

Born og vaksne i landsbyen Narikoso har store forventningar til COP 23. Fleire som bur i byen skal flytte neste år for å komme seg lenger unna havet.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK møter statsministeren kort tid før han reiser den lange vegen til Bonn. Det er Fiji som har ansvar for årets klimatoppmøte, COP 23.

Av praktiske årsaker er det lagt til Europa, men det er altså Fiji som leier møtet. Det er første gong ein liten øystat har hatt denne oppgåva.

Fiji var det første landet som formelt slutta seg til, eller ratifiserte, Parisavtalen frå 2015. No forventar dei at landa i verda viser i praksis at dei vil etterleve avtalen.

– Svært alvorleg

– Vi har sjølvsagt eit internasjonalt ansvar for å leie forhandlingane, men når vi er i Bonn, som ein øystat frå Stillehavet, er det naturleg at vi har eit spesielt fokus på øystatane sin situasjon. Og for oss er situasjonen svært alvorleg, ja meir enn det, seier Bainimarama.

Han meiner at målet om maksimum 1,5 grader temperaturstigning, er avgjerande for lågtliggjande land.

– Havnivåstigning og meir ekstremvêr er ein reell trussel. Forhandlingsleiaren frå Marshalløyane snakkar om at 1,5 grader-grensa er nødvendig for å overleve. No må dei store utsleppsnasjonane hjelpe oss, det internasjonale samfunnet må gå saman med oss, dei må innsjå alvoret, seier han.

Statsministeren har god støtte frå «fotfolket». Innbyggjarane på Fiji har forventningar til klimatoppmøtet i Bonn.

Medlemmer i Pacific Islands Climate Action Network

Medlemmene i Pacific Islands Climate Action Network ventar konkrete resultat når klimatoppmøtet i Bonn er over.

Foto: Eivind Molde / NRK

Fryktar framtida

I byen Nadi møter vi ein gjeng frå organisasjonen Pacific Islands Climate Action Network.

Det er ein overbygning over 53 organisasjonar i Stillehavsområdet, mellom andre Greenpeace, WWF, 350.org. og Project Survival Pacific.

– Eg var fem månader på veg då syklonen Winston slo inn over Fiji i fjor. Eg var redd for livet både til meg sjølv og barnet mitt, seier Matisse Walkden-Brown (29).

Parisavtalen har 1,5 grader som mål, og då må det bli heilt slutt på å setje i gang med ny olje- og gassverksemd, meiner ho.

Genevieve Jiva (25) meiner det handlar om å overleve.

– Vi er ansvarlege for berre ein liten del av utsleppa, men vi er dei som opplever dei verste konsekvensane – og det først. Vi gjer så godt vi kan i vårt eige land, blant anna med å byggje ut fornybar energi. Det dei rike landa gjer, er vår ulukke. Dei må bli meir ambisiøse, skjerpe måla sine for utsleppskutt, seier Jiva.

Lagi Seru (25) skildrar klimaendringar som ei realitet, ikkje ein myte.

– Eg er 25 år, og eg har born. Eg vil ikkje sjå at dei må gå gjennom det eg opplever. Verda må handle no. Framtida vår og levekåra våre står på spel, mattryggleiken også. Utsleppa må ned. Vi har berre ein planet. Vi må berge han medan vi kan, seier Seru.

Patricia Espinosa, FNs klimajef

FNs klimasjef, Patricia Espinosa meiner det er viktig at Fiji har ansvaret for årets klimatoppmøte.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Må mobilisere

Fiji står for berre 0,04 prosent av dei globale utsleppa av klimagassar.

– Det er av stor verdi at ein liten øystat som er sårbar og opplever effekten av klimaendringane, kan ta leiinga på slik ein viktig internasjonal konferanse, seier FNs klimasjef, Patricia Espinosa.

Parisavtalen seier også at det skal pengar på bordet – dei rike skal hjelpe dei fattige. Men det tek tid.

– Vi må mobilisere, spesielt gjeld det pengar for å tilpasse seg klimaendringane, for i mange desse landa ser vi alt svært øydeleggjande effektar av klimaendringane. Ulike klimatiltak treng støtte frå det frå internasjonale samfunnet, vi har eit felles ansvar, eit moralsk ansvar, legg ho til.

Frank Bainimarama og Salaheddine Mezouar

Frank Bainimarama (t.v.) har tatt over «presidentklubba» for klimatoppmøtet frå utanriksministeren i Marokko, Salaheddine Mezouar. Tilsvarande konferanse i fjor fann stad i den marokkanske byen Marrakech.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det er urettferdig

Statsminister Frank Bainimarama ventar at det endeleg skal skje noko.

– Vi seier: OK, det er flott det de gjer, men de må også komme opp med finansiering for å fikse problema som har oppstått dei siste hundre åra.

– Er det urettferdig det vi ser no, at viljen til å bidra er for liten?

– Sjølvsagt er det! Når så få ser ut til å endre praksisen sin, er det slett ikkje bra. Dette må rett og slett bli det må bli fiksa, seier ein engasjert statsminister.

Fijiansk seilbåt, drua

Fiji har tatt med seg ein drua, ein tradisjonsrik fijiansk seglbåt, til klimatoppmøtet i Bonn for å symbolisere at «vi er alle i same båt».

Foto: Eivind Molde / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt