Hopp til innhold

Demonstrasjonar i Bonn: Krev ambisiøs politisk innsats for klimaet

– Ambisjonane er for små. Vi krev ein rettferdig og ambisiøs klimapolitikk, seier klimarådgjevar i Naturvernforbundet, Johanne Houge. I dag går ho i demonstrasjonstog i Bonn saman med tusenvis av andre. Dei krev at politikarane skal gjere ein større innsats for klimaet.

Johanne Houge i demonstrasjon i Bonn 04.11.1

– Denne marsjen viser at det globale sivilsamfunnet held fram å presse dei politiske leiarane våre til å gjennomføre ein rettferdig og ambisiøs klimapolitikk, seier klimarådgjevar i Naturvernforbundet, Johanne Houge, som er på plass i Bonn.

Foto: Johanne Houge

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fleire tusen menneske er samla nær staden der FNs klimatoppmøte skal gå av stabelen frå neste veke. Og frå Köln er fleire hundre på veg til Bonn på sykkel.

Greenpeace, Oxfam, WWF, Friends of the Earth og ei rekkje andre organisasjonar deltar i demonstrasjonane.

– Alle veit at dei klimaambisjonane som ligg på bordet ikkje er nok for å unngå alvorlege klimaendringar. Vi som har gått her i dag vil ha solcellepanel på taket, byar for gåande og syklande, og gode kollektive løysingar. Vi vil ha klimarettferd for dei menneska og lokalsamfunna som blir hardast råka av orkanar, tørke, flaum og hetebølgjer. Dei har gjort mist for å skape dei problema vi har i dag, men dei blir hardast råka, seier Johanne Houge til NRK.

CLIMATECHANGE-ACCORD/DEMONSTRATION

– Stopp klimakriminaliteten, stopp kolindustrien, ropar demonstrantane i Bonn to dagar før klimatoppmøtet i byen startar.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Fiji er vertskap

Klimatoppmøtet i Bonn (COP23) startar måndag, og skal vare i to veker. Fiji er vertskap for konferansen, men dei rundt 20.000 utsendingane frå heile verda skal altså møtast i Bonn, der FNs klimasekretariat ligg.

Nær 20 stats- og regjeringssjefar er venta til konferansen, mellom andre den franske presidenten Emmanuel Macron og forbundskanslar Angela Merkel.

Det er første gong ein liten øystat har ansvar for eit klimatoppmøte. I Bonn vil statsministeren på Fiji, Frank Bainimarama, ta over «presidentklubba» frå utanriksministeren i Marokko, Salaheddine Mezouar. Tilsvarande konferanse i fjor fann stad i den marokkanske byen Marrakech.

Fiji var den første staten som formelt slutta seg til (ratifiserte) Parisavtalen. Sjølv om COP23 går av stabelen i Europa, vil konferansen i høgste grad bli prega av at øystaten i Stillehavet sit i førarsetet. Det understreka statsministeren før han reiste til Bonn før helga.

I visjonen for COP23 understrekar Frank Bainimarama at situasjonen for sårbare øystatar blir eit viktig tema – korleis dei skal bli betre rusta til å takle meir intenst ekstremvêr, havnivåstigning og andre følgjer av klimaendringane. Finansiering av klimatiltak er eit stikkord her.

United Nations General Assembly Josaia Voreqe Bainimarama

Statsministeren på Fiji, Frank Bainimarama, talte i FNs hovudforsamling 20. september. – For folket på Fiji er klimaendringane ein realitet, sa han.

Foto: Frank Franklin II / AP

Lage regelverk for Parisavtalen

Men hovudtemaet på COP23 blir spørsmålet om korleis Parisavtalen frå 2015 skal gjennomførast i praksis. Neste år skal regelverket for avtalen vere klart. Det handlar først og fremst om korleis landa skal måle utsleppa sine, og innrapportere dette, på ein truverdig måte.

Også planen for opptrapping, for ei skjerping av klimamåla i Parisavtalen skal vere klar neste år. Er landa villige til dette? I kva grad, og på kva måte? Korleis skal dette fungere i praksis? Mange brikker må derfor falle på plass i løpet av 2018.

– Det viktigaste med COP23 er at det blir eit godt springbrett for klimatoppmøtet neste år, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen til NRK.

Den norske forhandlingsleiaren, Henrik Eriksen seier dette: – Parisavtalen sin integritet og dynamikk står på spel. Det er viktig å ikkje komme skeivt ut i Bonn dersom 2018-møtet skal lukkast.

Klimaforhandlingene i Bonn.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) og den norske forhandlingsleiaren, Henrik Hallgrim Eriksen.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– EU og Kina viktig

COP23 blir det første klimatoppmøtet etter at den amerikanske presidenten, Donald Trump, annonserte at USA trekkjer seg ut av Parisavtalen.

– Eg håpar at dette vil prege konferansen i liten grad, seier Helgesen. Den beste beskjeden vi kan gi til Trump no, er at arbeidet med å implementere Parisavtalen går vidare, seier han.

USA har tradisjonelt spelt ei viktig rolle i arbeidet med å sikre framdrift i dei internasjonale klimaforhandlingane. Helgesen trur at både EU og Kina no vil få ei viktigare rolle.

SISTE NYTT

Siste nytt