Burguan sa på ein pressekonferanse i kveld norsk tid at 300 politifolk deltok i aksjonen i San Bernardino i går. Talet på drepne ligg framleis på 14, medan talet på såra har stige til 21. Dei såra blir behandla på ulike sjukehus rundt om i distriktet.
Politisjefen opplyser at det mistenkte ekteparet, som begge vart drepne i ei skotveksling med politiet etter massakren på servicesenteret for utviklingshemma i byen. Dei to var Syed RIzwan Farook (28) og kona Tashfeen Malik (27).
Bomber gjekk ikkje av
Politisjefen i San Bernardino, Jarrod Burguan, fortel om funn av store mengder ammunisjon, bomber og bombemateriale.
Foto: Chris Carlson / ApInne i bygningen der skytinga gjekk føre seg fann politiet tre røyrbomber som var knytte saman, men bombene gjekk ikkje av. Det er uklart om ekteparet prøvde å detonere bombene med fjernkontrollen som vart funne i bilen deira, eller om det var ein feil ved sprengladninga.
Jarrod Burguan seier at alt tyder på at angrepet var svært nøye planlagt, men politiet kan ikkje sjå bort frå at det var planen å angripe ein annan stad, og at planane vart endra av ein eller annan grunn.
Han fortalde på pressekonferansen at dei to angriparane brukte fire ulike våpen, to 9 millimeter pistolar og to angrepsgevær. Dei fyrte av mellom 65 og 75 skot inne i bygningen.
VIDEO: Politisjef Jarrod Burguan orienterer.
Bomber og bombeutstyr
Då det kom til skotveksling med politiet, der begge to vart drepne, skaut dei 76 rundar mot politiet. Politiet på si side skaut 380 skot mot ekteparet. Etterpå fann politiet store mengder ammunisjon i bilen deira.
I heimen til ekteparet fann politiet, i tillegg til 12 bomber, også mykje utstyr som kan nyttast til bombeproduksjon.
Burguan sa også at dei ikkje hadde funne kamera på dei mistenkte
David Bodwitch i FBI bad om tid til å finne alle fakta om massakren i San Bernardino.
Foto: Chris Carlson / ApVisedirektøren for FBI i Los Angeles, David Bodwicht, seier at dei no er i ei fase med intensiv innhenting av fakta, og at det er for tidleg å seie noko om kva motiv det mistenkte ekteparet hadde.
Han fortalde på pressekonferansen at dei gjer grundige undersøkingar på sosiale medium og elles på Internett, for å sjå om dei to hadde lagt ut noko om kva planar dei hadde.
Hadde ikkje rulleblad
Begge dei to mistenkte var muslimar, og politikjelder har sagt til CNN at mannen har vore i kontakt med personar som har vore mistenkte i terrorrelaterte saker. Dette er ikkje stadfesta av politiet offisielt. Familiemedlemer har sagt at mannen var svært religiøs.
Han oppheldt seg i Saudi-Arabia i ein periode, truleg i 2013, , der han også møtte kona si. Ingen av dei skal ha hatt eit kriminelt rulleblad.
VIDEO: Korrespondent Tove Bjørgås rapporterer.