Hopp til innhold

EU-topp: – Både Putin og Trump har interesse av å svekke EU

Samtidig som EU-valet startar går ein EU-topp ut og åtvarar om at både Russland og USA har interesse av å svekke EU.

Belgium Brexit Food Safety

Jyrki Kaitainen åtvarar mot stormaktene i aust og vest. Visepresidenten i EU-kommisjonen meiner både Russland og USA gjer det dei kan for å svekke EU. Nasjonalistiske parti er viktige verktøy i så måte, meiner Kaitainen.

Foto: Virginia Mayo / AP

Det er i eit intervju med CNBC at Jyrki Katainen hevdar at Russland og USA tilfeldigvis har to samanfallande interesser, nemleg å svekke den europeiske union.

Katainen er tidlegare statsminister i Finland og er i dag visepresident i EU-kommisjonen.

– Press innanfrå og utanfrå

Han seier til TV-kanalen at det ytre presset på EU aldri har vore hardare enn no.

– Land som Russland, Kina, men også USA, har utfordra oss hardare enn tidlegare. Me er for første gong i historia i ein situasjon der USAs president og Russlands president ser ut til å dele syn på Europa: Jo svakare, jo betre, fordi dei trur det er til det beste for deira eige land, noko som openbert ikkje er riktig, seier Katainen.

Når det gjeld Russland og EU har konflikten på Krim gjort eit samarbeid vanskelegare. mens det er særskild handel og klima som skaper krøll for samarbeidet mellom EU og USA, etter at Donald Trump tok over makta etter Barack Obama.

– Russland finansierer parti i Europa

Katainen meiner at det også er sterke krefter frå innsida av EU som bidreg til eit større press, og peiker til dei ulike nasjonalistiske partia som veks fram fleire stader på kontinentet.

– Desse partia ønskjer å svekke og fragmentere EU – og nokre av partia har veldig tette band til Russland og president Putin, seier Katainen.

Han held fram med å seie at Russland har finansiert nokre av partia på høgresida av politikken, og at russarane har blanda seg inn i dei demokratiske prosessane på kontinentet. Han meiner dei mellom anna har påverka nasjonale val og skapt splid mellom folk internt i ulike land.

Trump og Putin

Donald Trump og Vladimir Putin møtte kvarandre under eit toppmøte i Finland i juli i fjor. No går Finlands tidlegare statsminister ut og åtvarar om at dei to mektige leiarane tilfeldigvis har same interesse: Å svekke EU.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Krisa i Austerrike har russiske røter

Austerrike er eit aktuelt døme på eit land der det er påstandar om russisk innblanding i nasjonal politikk. Det har lenge blitt stilt spørsmål ved om Fridomspartiet har hatt tette band til Russland og Vladimir Putin, og sist veke dukka det opp ein video som viste partiets visestatsminister gjere ein avtale med ei han trudde var ei rik russisk kvinne.

Det heile har ført til ei politisk krise i landet, der Fridomspartiet har trekt seg frå regjeringa, og statsminister Sebastian Kurz står i fare for å måtte gå av.

Frankrikes president åtvarar

Også Frankrikes president, Emmanuel Macron, har åtvara om utanlandsk innblanding i europeisk politikk. Han skulda Donald Trumps tidlegare spindoktor, Steve Bannon, og russiske oligarkar for å konspirere med europeiske nasjonalistar for å kunne «rive EU frå kvarandre».

Macron meiner desse kreftene finansierer parti på ytste høgre fløy av europeisk politikk, og åtvara folk mot å vere naive.

På dei fleste meiningsmålingar får høgrepopulistiske og nasjonalistiske parti gode resultat i forkant av EU-valet som startar i dag. Dei fleste av desse partia er skeptiske til EU, og vil svekke unionens makt. Likevel tyder mykje på at det framleis er fleirtal for dei EU-vennlege partia.

SISTE NYTT

Siste nytt