Hopp til innhold

Espen Barth Eide om klimatoppmøtet i Egypt: Dette trekker verkeleg ut

Det er semje om et av dei mest betente punkta i årets klimatoppmøte, framleis står nokre punkt opne. – Vi er kraftig på overtid, seier klimaministeren.

Espen Barth Eide og hans folk i innspurten av COP27

MOTSTAND: Klima og miljøminister Espen Barth Eide seier dei klimaprogressive landa møter motstand frå veksande økonomiar i sør.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Natt til søndag kjem det meldingar om at det er semje om eit tap og skade-fonds om skal sikre støtte til fattige land ramma av klimaendringar.

Det avsluttande plenumsmøtet på COP27 starta klokka 02.00 norsk tid.

– Vi er kraftig på overtid. Dette trekker verkeleg ut, seier klima og miljøminister Espen Barth Eide til NRK.

Han kom nett ut av konsultasjonsmøtet med dei andre delegasjonsleiarane som har jobba med hovudvedtaket. Dette forhandlar dei framleis om, ifølgje Eide.

– Dette kjem til å ta tid. Det er fordi det er ein del usemje om dei heilt sentrale spørsmåla knytt til utsleppsreduksjonar.

Han seier at 1,5-gradersmålet blir ståande, men for å gjennomføre det må det skje ei handling. Det er dette arbeidsprogrammet som dei klimaprogressive landa vil ha, ifølge Eide.

– Men det møter mykje motstand frå veksande økonomiar i sør, avsluttar han.

Dette står på spel i Egypt no.

– Rett og slett trist

– Etter to veker med forhandlingar, liknar resultat berre på det absoluttet lågaste utgangspunktet.

Det seier seniorrådgivar i WWF, Inga Fritzen Buan, som har følgt klimatoppmøtet. Ho seier at vi har svara og veit at verda må kutte ut kol, olje og gass.

– Når ein tilsynelatande ikkje klarer å einast om det, vitnar det om liten politisk vilje til å løyse ei felles krise. Det er rett og slett trist, seier ho.

Inga Fritzen Buan

Seniorrådgivar i WWF, Inga Fritzen Buan seier det er liten politisk vilje til å løyse klimakrisa.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Buan er skuffa over at landa i verda ikkje tek innover seg at den beste måten å løyre klimakrisa er å slutte med fossil energi.

– Vi håpar dette kjem på plass i endeleg slutterklæring i natt eller i morgon, seier Buan til NRK.

Stemninga var god

Tidlegare laurdag var stemninga ein heilt annan etter at dei viktige gruppene vart einige om formuleringar rundt det nye fondet på «tap og skade».

– Stemninga vart mykje betre etter at vi fekk gjennomslag på «tap og skade»- fondet. Det må framleis bli vedteke i plenum, men det blir det nok.

Tap og skade handlar om rike land skal betale for øydeleggingar som kjem som følgje av klimaendringane.

Espen Barth Eide i pressemøte på COP27

New Zealand, Noreg, Canada og fleire andre land har kome med eit felles utsegn.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

I utkastet til avtalen står det at det skal opprettast eit nytt fond for å hjelpe utviklingsland å takle kostnadene ved som kjem som følgje av øydeleggingar på grunn av klimaendringane.

Detaljane skal ferdigstillast under COP28 i Dubai neste år.

Den gode stemninga smitta litt over på arbeidet om utsleppsreduksjonar, sa ein litt meir optimistisk Eide tidlegare på kvelden.

Det er mogleg at dette blir avklart i kveld, sa han og la til at det er viktig å få det avklart medan alle ministrane framleis er til stades i Egypt.

Framleis bekymra for 1,5-gradersmålet

På pressekonferansen uttalte ministrane at dei var bekymra for 1,5-gradersmålet.

– Det foreløpige utkastet lagt fram av det egyptiske leiarskapet risikerer å gå på akkord med Parisavtalen, seier New Zealand, Noreg, Canada i eit felles utsegn.

– Desse siste timane i forhandlingane er kritiske for å halde 1,5-gradersmålet i live, seier klima og miljøminister Espen Barth Eide.

Sjølv om forhandlingane går i positiv retning, meiner Eide at det framleis står igjen ein del arbeid med 1,5-graders-målet, spesielt konkrete tiltak for å jobbe med reduksjon av utslepp.

Betente punkt

Dess lengre forhandlingane går på overtid, dess vanskelegare å bli det å halda delegatane samla.

Fleire ministrar har allereie forlate Egypt fordi dei har andre forpliktingar. EU har tidlegare sagt at dei heller vil ha eit ikkje-resultat enn eit dårleg resultat.

Det er spesielt desse punkta som det har vore vanskeleg å kome saman om;

  • Eit berekraftig rammeverk som kompenserer for tap og skade som følgje av klimaendringar til utviklingsland.
  • Styrking av plikta til å avgrense global oppvarming til eit snitt på maksimalt 1,5 grader.
  • Ei klarare forplikting om å fase ut fossile brennstoff som olje, gass og kol.
Den ghanesiske klimaaktivisten Nakeeyat Dramani ble møtt med stående applaus under Cop 27 i Egypt fredag. Dere med ansvar, skjerp innsatsen, sa hun.

Den ghanesiske klimaaktivisten Nakeeyat Dramani blei møtt med ståande applaus under Cop 27 i Egypt fredag. De med ansvar, skjerp innsatsen, sa ho.

Tap og skade

For fyrste gong var tap og skade eit offisielt punkt på agendaen på COP27. Alle land er einige om at dette er eit viktig punkt, men usamde om korleis ein praktisk skal løyse dette punktet.

Ein del fattige land vil ha eit nytt fond til dette formålet og andre land ville undersøkje om ein kan bruke eksisterande FN-organ til å dele pengane.

Eit land som er sårbare for klimaendringar er Bangladesh. Parlamentarikar og medlem av delegasjonen til landet, Saber Hossain Chowdhury seier til NRK at han er glad for at dette punktet er anerkjend.

– Det er eit stort steg i riktig retning. Nokre land har større ansvar for klimaendringane enn andre, seier Chowdhury.

Noreg har saman med Storbritannia og Australia gitt stønad til eit forslag frå EU om å etablera eit fond på tap og skade og særleg sårbare land.

I det fyrste utkastet til slutterklæringa var det ingen forslag til korleis ein skulle finansiere tap og skade.

– Det er ein klar tillitsmangel mellom nord og sør, og mellom rike og framveksande land. Dette er ikkje tida for å skulda på andre. Å klandre kvarandre er ein oppskrift på garantert gjensidig øydelegging, sa Guterres frå toppmøtet i Sharm el-Sheikh torsdag.

En oppblåsbar globus skvises ved siden av et skilt der det står "1,5 grader for å overleve"

Ein oppblåsbar globus ved sida av eit skilt der det står «1,5 gradar for å overleve»

Foto: Peter Dejong / AP

For svakt

Fleire land har vore kritiske til at forslaget som blei lagt fram var for svakt, spesielt på punktet om å avgrensa oppvarminga på jorda til 1,5 grader.

– EU er sameint i vår ambisjon om å koma vidare og byggja på det vi blei einige om i Glasgow. Bodskapen vår er klar: vi kan ikkje akseptera at 1,5- gradersmålet døyr her og i dag, sa EU sin klimasjef Frans Timmermans på Twitter.

EUs klimasjef Timmenmans møter pressen på klimatoppmøtet.

EUs klimasjef Frans Timmermans møter pressen på klimatoppmøtet.

Foto: Peter Dejong / AP

EU avviste laurdag eit forslag frå COP27-vertslandet Egypt på klimatoppmøtet. Forlaget blei kritisert for å ikkje vera ambisiøst nok når det gjeld å redusera karbonutslepp.

– På dette stadiet set den egyptiske presidentskapen spørsmålsteikn ved måla som blei sette i Glasgow, sa ein talsmann for den franske energiministeren til AFP, og viste til utfallet av COP26 i fjor.

Også klima- og miljøminister Espen Barth Eide var skuffa over utkastet.

– Vi må ha eit nytt utkast som er mykje tydelegare og som konkretiserer planane for å halde oss på 1,5 graders-målet, og som er meir konstruktivt på dette viktige temaet som er tap og skade, seier Eide.

Klimatoppmøtet COP27 i Sharm el-Sheikh finner sted sør på den ørkenfylte Sinai-halvøya i Egypt.

COP27 blir halde i Sharm el-Sheikh i Egypt.

Foto: Thomas Hartwell / AP

Fossile brennstoff

Eit anna viktig tema på årets klimatoppmøte har vore olje, kol og gass. På førre klimatoppmøte i Glasgow var det punktet om kol som nesten velta heile slutterklæringa.

Ein blei til slutt eining om å fase ned bruken av kol, det mest ureinande av brennstoffa. Denne gongen ville India utvide dette punktet til å også gjelde olje og gass.

Men utkastet som blei publisert på torsdag går ikkje lenger enn Glasgow-erklæringa på dette punktet.

SISTE NYTT

Siste nytt