Hopp til innhold
Urix forklarer

Ekstreme veksesmerter

Ytre høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AfD) har veksesmerter. I dag trekte ein av partitoppane seg.

Federal election in Germany

Freuke Petry gav i dag beskjed om at ho ikkje vil vere ein del av AfDs gruppe i Forbundsdagen.

Foto: Fabrizio Bensch / Reuters

Det er ikkje meir enn dryge fire år sidan Alternativ for Tyskland (AfD) blei stifta. Sidan han partiet skifta ham fleire gongar, stadig meir innvandrings- og islamkritisk, samtidig med at veksten har vore formidabel.

Dei er valets vinnar, Tysklands tredje største parti, og det er i utgangspunktet ein festdag for ytre høgrepartiet AfD.

Inntil pressekonferansen i dag klokka 09. Då gav ein av partitoppane, Frauke Petry, beskjed om at ho ikkje vil vere ein del av partiets gruppe i Forbundsdagen. Før ho reiste seg og gjekk.

I dag, dagen etter valet, toppa altså striden seg.

Open strid om profil

Dermed blei det for open scene bekrefta det alle har visst, at AfD er eit parti med store indre rivingar. Det handlar om politikk, ja, men like mykje om profil. Kva type parti skal dei vere, korleis dei skal stå fram. Som eit einsaksparti med front mot innvandring og islam, eller som eit parti med ein heilskapleg politikk. Frauke Petry var talskvinne for det siste. Men moderat kan ho neppe kallast.

AfD har utvikla seg i fasar. Dei blei grunnlagt under eurokrisa i april 2013, som motstandarar av EUs fellesvaluta. Hausten same år var dei nær ved å kome inn i Forbundsdagen, men enda akkurat på feil side av sperregrensa. Dei komande par åra kom partiet inn i stadig nye delstatsparlament og også Europaparlamentet i Brussel.

Samtidig auka dei antiislamske Pegida-demonstrasjonane, særleg aust i Tyskland, og mange der søkte mot AfD og bidrog til å endre partiet.

Anti-innvandring

Sommaren 2015 skjedde det ei avskaling der antieuroaktivistane blei skjøve til side, og ein meir reinskåren innvandrings- og islamkritisk politikk tok over. I spissen stod ei ung akademiker frå delstaten Sachsen, Frauke Petry.

Etter kvart som migrantkrisa utvikla seg gjennom hausten 2015 og vinteren 2016 klatra AfD til stadig ny høgder på målingane.

Etter kvart som migrantkrisa utvikla seg gjennom hausten 2015 og vinteren 2016 klatra AfD til stadig ny høgder på målingane. Vinteren 2016 gjorde AfD felles front med det ytterleggåande austerrikske Frihetspartiet, med krav om at grensene måtte vaktast med våpen. I eit avisintervju gav Frauke Petry uttrykk for at politiet i ytterste instans måtte kunne skyte.

Uttalen vekte kraftig oppsikt i eit land med Tyklands historie frå andre verdskrigen, og DDR-regimets skyting av folk som flykta til vesten. Frauke Petry har seinare beklaga desse uttalane.

Gauland mot Petry

Våren 2017 var det så Petrys tur til å bli marginalisert. Ho ønskte å vere partiet frontfigur i valkampen, men blei skjøven til side av Alexander Gauland, ein 76 år gamal mann kjend for ytterleggåande uttalar.

I valkampen no har han gjort seg merka ved å ha tatt til orde for at det måtte vere greitt, også for tyskarar, og vere stolte av sine soldatars innsats under den andre verdskrigen.

Etter valsigeren i går uttalte han at partiets rolle i Forbundsdagen skal vere å jage Angela Merkel frå dag ein, ein uttale Petry mislikte sterkt.

Federal election in Germany

Alexander Gauland, Alice Weidel og Frauke Petry.

Foto: Wolfgang Rattay / Reuters

Kompromisslaus linje

I dag, dagen etter valet, toppa altså striden seg.

Sittande ved sidan av nettopp Alexander Gauland og partiets to andre frontfigurar på pressekonferansen i Berlin, trakk Frauke Petry seg frå partigruppa i Forbundsdagen. Om ho held fram i partiet fekk ingen svar på, ho tok ingen spørsmål. Og ingen av dei andre på podiet var varsla på førehand.

Petry ønsker seg eit parti som kan vere regjeringsalternativ ved neste Forbundsdagsval med ein heilskapleg politikk på mange område. No kan det sjå ut som Gaulands meir kompromisslause opposisjonslinje vil bli den gjeldande.

SISTE NYTT

Siste nytt