– Eg kan ikkje skjøne at dette skjer med oss og min son, seier mora til den tiltalte, og held fram:
– Eg vil forsvare sonen min og hans rett til å ytre seg. Var det ikkje fridom som skulle kome med revolusjonen?
Rettssaka starta onsdag mot den egyptiske kopteren Albert Saber. Han vart arrestert i heimen sin i Kairo 13. september. Det skal ha vore naboar som varsla politiet om at han hadde lagt ut klipp frå den anti-islamske filmen «Innocence of Muslims» på internett.
- LES ÒG:
– Albert har ingenting med filmen å gjere, men påtalemakta har teke ut tiltale mot han for å roe ned det egyptiske samfunnet, seier mannens advokat Ahmed Ezzat.
Advokaten seier at Saber har sete i gang diskusjonar på internett, og at han er ein aktiv motstandar av det han kallar «religiøse fundamentalistar», og siktar til særleg til salafistar i Egypt.
Den kontroversielle lågbudsjettfilmen vart laga i USA, og har ført til store protestaksjonar i mange land – det mest alvorlege i Libya der den amerikanske ambassadøren og tre andre diplomatar vart drepne.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Saber risikerer opptil fem år i fengsel for blasfemi. Saka vekkjer sinne hjå internasjonale menneskerettsgrupper, som er svært urolege for stillinga for ytringsfridomen i Egypt under leiing av den islamistiske presidenten Mohammed Mursi.
SKAPA PROTESTAR: Den anti-islamske filmen «Innocence of Muslims» skapa protestar over store deler av verda. Her frå Pakistan.
Foto: FAROOQ NAEEM / Afp(AFP, NPK)