Hopp til innhold

Filmskaparen angrar ingenting

Mange dagars opptøyer, fleire menneske drepne, og ei djup krise mellom Vesten og den muslimske verda. Alt grunna ein film. Men ein av forfattarane angrar ingenting.

Protestar mot filmen "Innocence of Muslims" i Jakarta

STERKE KJENSLER: Filmen 'Innocence of Muslims' har skapa sterke reaksjonar blant muslimar i heile verda. Her frå Jakarta, Indonesia.

Foto: BAY ISMOYO / Afp

– Det var eg som lekka traileren av filmen på internett, og eg vurderer å leggje ut heile filmen, seier Nakoula Bassely Nakoula til den arabiske kanalen Radio Sawa.

Han fortel at han er ein av forfattarane bak filmen «Innocence of Muslims». Ein film som har skapa store opptøyer i heile den muslimske verda, frå Tunisia i vest til Bangladesh i aust. I Libya vart jamvel den amerikanske ambassadøren drepen tidlegare denne veka. Likevel angrar ikkje Nakoula noko.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Protestar i India

I HEILE VERDA: Protestane har nådd heile den muslimske verda. Desse mennene protesterer i India.

Foto: NARINDER NANU / Afp

– Nei, eg angrar det ikkje. Det er leit at ambassadøren vart drepen, men eg angrar ikkje på filmen, seier han.

Den 55 år gamle filmprodusenten er ein egyptisk koptar som bur i California. Det er her filmen vart laga, som av mange vert skildra som både amatørmessig og provokativ. Filmen skildrar profeten Muhammed som ein løgnar og viser mellom anna profeten som har sex.

Det har vore stilt spørsmål om kven som faktisk står bak filmen, og media har meldt at regissøren av filmen har gått i skjul. Når Nakoula vert spurt om filmens regissør vil han ikkje avsløre kven som står bak fordi han føler filmen er feil framstilt i media.

Skodespelarar i filmen har tidlegare gått ut og sagt at dei er vortne lurte. Dette stadfestar Nakoula langt på veg i intervjuet.

– Det er ein produsents rett. Han kan gjere kva han vil med filmen utan å spørje eller konsultere skodespelarane, seier han.

Kjenner skuld

Radiokanalen spør òg om han kjenner skuld for at filmen har ført til åtak på USA og landets ambassadar i fleire land.

– Ja, eg kjenner skuld for det. USA har ingenting med filmen å gjere, og må lide for ting som ikkje er relatert til USA, seier Nakoula.

Han fortel at han har bakgrunn som forskar, og er oppteken av å få fram sanninga om islam. I intervjuet hevdar han at han har sete seg grundig inn i islam ved å lese Koranen og tekstane om profeten Muhammeds liv og lære. Tidlegare har han skrive ei bok om religionen.

– Eg gav ut ei bok om islam i 1994, som imponerte nokre folk. Dei spurte meg om eg kunne gjere boka om til film, og det gjorde eg, seier han, og avsluttar:

– Alle må sjå filmen i sin heilskap før dei dømmer han.

SISTE NYTT

Siste nytt