Hopp til innhold

Dykkar som redda fotballag i Thailand måtte sjølv reddast ut frå grotte

Ein av dykkarane som var med å redde ut eit fotballag frå ei grotte i Thailand i fjor sommar, blei sjølv redda ut av ei grotte i Tennessee onsdag.

Dykkarhelten måtte bergast ut av denne grotta.

Den erfarne dykkaren Josh Bratchley meldt sakna etter at han tysdag ikkje klarte å kome seg ut av ei grotte han hadde utforska saman med fire andre i Jackson County i Tennessee. Spesialdykkarar frå Arkansas og Florida blei kalla inn for å delta i ein krevjande redningsaksjon, skriv CNN.

Den britiske dykkaren blei henta ut av grotta onsdag, og skal ha vore i grei form då han blei funnen.

– Hans einaste ønske var at han ville ha ein pizza, sa Derek Woolbright, som er talsperson for redningstenesta i Jackson County, på ein pressekonferanse.

Deltok i redningsaksjon i Thailand

I fjor sommar var Josh Bratchley ein del av det britiske dykkarteamet som redda ut eit fotballag og trenaren deira som blei fanga i ei grotte i Thailand. Arbeidet med å berge gutane ut av hola var krevjande, og fekk stor merksemd over heile verda.

Redningsarbeiderne arbeider inne i grotta i Thailand der 13 personer var innstengt.

Redningsarbeidarane arbeider inne i grotta i Thailand der 13 personar var innestengt.

Bratchley fekk saman med dei andre dykkarane fleire utmerkingar for innsatsen han gjorde under redningsaksjonen. Då dronning Elizabeth delte ut heidersmedaljar på nyttårsaftan, var han ein av tre dykkarar som fekk tittelen MBE (Members of the Order of the British Empire).

Fire av dykkarane fekk medaljar for ekstraordinær helteinnsats under redningsaksjonen.

Britiske dykkere i Thailand

Josh Bratchley (i midten) saman med dei andre dykkarane som var med å redde ut eit fotballag og trenarane deira frå ei grotte i Thailand i juli i 2018. Dei andre som deltok var Rick Stanton, Chris Jewell, Connor Roe, Jim Warny, Mike Clayton og Gary Mitchell.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters

Fanga i undersjøisk grotte

Grotta Bratchley ikkje kom seg ut av i Tennessee var ei undersjøisk grotte. Det var dykkaren Edd Sorensen som fann briten i ei luftlomme i hola. Han skal ha vore i god form då han blei funnen.

Josh Bratchley

Josh Bratchley etter eit besøk hos Theresa May i Downing Street 10 etter at han kom heim frå Thailand i juli i fjor.

Foto: Privat / Facebook

– Han takka og spurte kven eg var. Han var veldig roleg. Vi hadde ein fin samtale, sa Sorensen på ein pressekonferanse.

Den britiske dykkaren blei funnen ein knapp time etter at Sorensen starta søket etter han.

– Josh blei funnen i området der vi trudde han skulle vere. Vi hadde rekna med at redningsaksjonen skulle ta rundt to og ein halv time. Men han blei funnen etter 45–50 minutt, og det er fantastisk, sa redningsekspert Brian Krebs.

Både han og Sorensen seier at den roa og mentale styrken Bratchley viste var avgjerande for at han overlevde.

SISTE NYTT

Siste nytt