Hopp til innhold

Donald Trump er glad for auka forsvarsbudsjett i Nato

President Donald Trump lovprisa Jens Stoltenberg for jobben han har gjort som generalsekretær i Nato. Samtidig var han glad for at stadig fleire medlemsland har auka forsvarsbudsjettet sitt.

Det er tredje gong Jens Stoltenberg, som nettopp har fått fornya tillit som Nato-sjef, møter Trump i Det kvite hus som generalsekretær i Nato.

Møtet mellom Stoltenberg og Trump skjer i forkant av at dei 29 utanriksministrane i Nato skal møtast i Washington i samband med at alliansen fyller 70 år. Men ifølgje nyheitsbyrået AFP er det ei spent spenning før ministermøtet i den amerikanske hovudstaden.

Donald Trump har i lengre tid stilt spørsmål ved nytta av alliansen og skulda fleire medlemsland for å vere gratispassasjerar som stolar på at USA skal kome og ordne opp. Han er også kritisk til at fleire land, blant dei Tyskland, ligg bak Nato-vedtaket frå 2014 om at medlemslanda skulle bruke to prosent av BNP på forsvar.

Donald Trump har ved fleire høve truga med å trekke USA ut av forsvarsalliansen.

Jens Stoltenberg på veg inn til Det hvite hus

Generalsekretær Jens Stoltenberg i Nato på veg inn i Det kvite hus i Washington tysdag.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Vil ha betre fordeling

På pressekonferansen før møtet tysdag sa president Donald Trump at fordelinga av den økonomiske byrda har blitt betre. Men han håper likevel at fleire land skal bruke meir pengar på forsvar framover.

– Sju av medlemslanda oppfyller no kravet om bruk av pengar på forsvar. Dei andre jobbar med å oppfylle kravet, sa Trump.

Trump sa også at det kan vere naturleg at målet om å bruke to prosent av BNP på forsvar kan bli utvida på eit tidspunkt.

Under eit Nato-toppmøte i fjor bad han om ein auke til fire prosent av BNP.

– Etter at eg blei president har Nato fått 140 milliardar amerikanske dollar frå medlemslanda, og no ser det ut til at vi skal kunne skaffe ytterlegare 100 milliardar dollar i 2020.

Trump gjentok kritikken mot Tyskland for ikkje å bidra nok til fellesskapet under pressekonferansen.

USAs president Donald Trump holdt pressekonferanse med NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg i går. Der la han frem fakta om faren som viste seg å være feil.

USAs president Donald Trump holdt pressekonferanse med NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg i går. Der la han frem fakta om faren som viste seg å være feil.

Godt forhold til Stoltenberg

Men alt i alt meiner Trump at USAs forhold til Nato er godt, og seier at også forholdet hans til Stoltenberg er godt.

– Han er ein fantastisk leiar, og vi kjem svært godt overeins.

Jens Stoltenberg takka Trump for den innsatsen han har lagt ned for å få fleire medlemsland til å bidra meir til Nato.

– Etter fleire år med nedgang i forsvarsbudsjetta, ser vi at fleire land har byrja å bruke meir pengar på forsvar, sa Stoltenberg.

Han sa at dette viser at Nato er ein sterk allianse. Budsjettauken betyr også at Nato-styrkane er betre budd, og at alliansen har kunne styrke kampen mot terrorisme.

– No samarbeider vi meir og betre enn det vi har gjort på mange år.

Russland og Ukraina

Eit anna punkt som står høgt på agendaen på Nato-møtet i Washington er forholdet mellom Russland og Ukraina. Medlemslanda er uroa over situasjonen rundt Svartehavet.

Utanriksministrane i alliansen kjem truleg til å bli samde om å trappe opp støtta til Ukraina og Georgia, blant anna gjennom øvingar med marinen og kystvakta i landa.

I løpet av besøket i USA skal Jens Stoltenberg også tale til den amerikanske Kongressen.

Jubileumsmøtet til Nato i Washington blir berre med utanriksministrane. Statsleiarane møtast først i Desember under Nato-toppmøtet i London.

SISTE NYTT

Siste nytt