Hopp til innhold

Dommar stemmer for å stengje Bolsonaro ute frå politikken til 2030

I rettssaka mot Brasil ekspresident om maktmisbruk har den første dommaren stemt for å nekte han å ha politiske verv fram til 2030.

Jair Bolsonaro 30. mars 2023

Jair Bolsonaro kan bli utestengd frå brasiliansk politikk resten av tiåret dersom fleirtalet følgjer den førstevoterande dommaren.

Foto: Gustavo Moreno / AP

Benedito Goncalves er den første dommaren som stemmer i saka i valdomstolen. Dei sju dommarane skal leggje fram avgjerdene sine kvar for seg.

Det er Goncalves som leiar saka mot tidlegare president Jair Bolsonaro som er skulda for antidemokratisk maktmisbruk i samband med presidentvalet i fjor.

Bolsonaro hevda både før, under og etter valet at det var rigga, og oppfordra tilhengjarane sine til ikkje å godta valresultatet viss han tapte.

Ikkje skikka

Bolsonaro er skulda for å ha misbrukt presidentembetet og kommunikasjonskanalane til styresmaktene til å fremje eigen valkamp og så tvil om det brasilianske valsystemet.

Allereie før retten vart sett for domsavseiinga tysdag kveld, var det venta at tribunalet ville konkludere med at Bolsonaro ikkje er skikka til å ha politiske verv.

Les meir Opprøret i Brasil: Bolsonaro-tilhengjarar storma nasjonalforsamlinga

Demonstranter i Brasilia

Den 68 år gamle tidlegare presidenten tapte for Luiz Inacio Lula da Silva i valet i oktober i fjor.

Dersom fleirtalet av dommarane legg seg på same linje som Goncalves, kan ikkje Bolsonaro stille som presidentkandidat i 2026.

Les meir Bolsonaro tilbake i Brasil – angrer ingen ting

tCQbMaPxOSY

Gir ikkje opp

– Alle seier at eg kjem til bli funnen ueigna. Men eg gir ikkje opp håpet. Eg skal halde fram med å gjere mitt, seier Bolsonaro i eit intervju med avisa Folha de São Paulo.

Sjølv glimra Bolsonaro med sitt fråvær i det første rettsmøtet i Brasil førre veke.

Valgdomstolen i Brasil som behandler saken mot Jair Bolsonaro

Dei sju dommarane i den øvste valdomstolen vart samla i Brasília tysdag for å avgjere Bolsonaro si skjebne.

Foto: Sergio Lima / AFP

Saka vart ikkje ferdigbehandla på tysdag, og skal halde fram torsdag denne veka.

Dersom eit fleirtal av dei sju dommarane finn at ekspresidenten har misbrukt makta si, kan han bli nekta å halde ei offentleg stilling dei neste åtte åra. Rettssaka handlar om det første av i alt 16 tiltalepunkt som er reist mot Bolsonaro etter valnederlaget i fjor.

Dersom Bolsonaro blir dømt, kan han anke til høgsteretten i landet.

Les og NRK fant Bolsonaros hus ved Disneyworld

Vil vise sin støtte til Bolsonaro

SISTE NYTT

Siste nytt