Direkte frå gravferda til Fidel Castro

Her kan du følgje kubansk fjernsyn si dekning av gravverda til den kubanske presidenten og revolusjonshelten Fidel Castro i Santiago de Cuba. Urna hans vart sett ned ved sida av grava til fridomshelten Jose Marti.

DIREKTE: Gravferda til Fidel Castro i Santiago de Cuba.

Det at Castro blir gravlagt i same mausoleet som sjølvstendehelten Jose Marti, er noko som truleg vil skape sterke reaksjonar hos dei antikommunistiske eksil-kubanarane i USA. Dei ser også på Marti som ein helt, medan dei ser på Castro som det stikk motsette.

Antikommunistane hyllar Marti fordi han gjorde Cuba til ein sjølvstendig stat, samstundes som dei ser på Castro som mannen som øydelagde landet med innføringa av diktatur og Sovjet-kommunisme.

Ingen Castro-monument

Marti var poet, han skreiv blant anna teksten til den vidkjende songen «Guantanamera», og han spelte ei viktig rolle i frigjeringa av Cuba frå den spanske kolonimakta. Han døydde i kamp mot spanske soldatar i 1894.

Monument over Jose Marti i Havana.

Det er minnesmerke for Jose Marti mange stader på Cuba. Her frå Revolusjonskvarteret i Havana.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters

Det er byster og statuar av Jose Marti over heile Cuba, og den internasjonale flyplassen i Havana heiter opp etter han.

Det vil ikkje skje med Fidel Castro. Han gjorde det klart før han døydde at han ikkje ville at det skulle setjast opp statuar eller monument av han, og han ville heller ikkje ha gater, bygningar eller torg kalla opp etter seg.

Planlagt over 600 attentatforsøk mot Castro

– Reformene på Cuba kan gå fortere etter Fidel Castros død

Over heile landet

Sjølve gravferdsseremonien starta kl. 13 norsk tid og vil vare til klokka 18. Då er også den ni dagar lange landesorga over. Seremonien i dag skulle ha vore offisiell, men kort tid før han starta gjorde styresmaktene det klart at det vart ein privat seremoni.

Oska til revolusjonshelten vart sett ned i Santa Ifigenia-gravstaden ved 15-tida i dag.

Fidel Castro døydde 25. november, 90 år gammal. Då var det ti år sidan han overlèt makta i den karibiske øystaten til broren Raul.

Fleire hundre tusen kubanarar har dei siste dagane fylt gater og torg over heile landet for å hylle den avdøde presidenten. Ei gravferdskortesje med kista til Castro har køyrt 1000 kilometer over heile landet frå hovudstaden Havana til Santiago de Cuba.

Det var i Santiago at Fidel Castro starta revolusjonen på 1950-talet.

– Reformene på Cuba kan gå fortere etter Fidel Castros død

Nekrolog over Fidel Castro. Reporter Hallvard Sandberg.

VIDEO: Fidel Castro er død

SISTE NYTT

Siste nytt