Hopp til innhold

Desse bileta frå rekonstruksjonen viser ny teori i Kevin-saka

Svensk politi trur den fire år gamle Kevin kan ha mista livet i ei ulukke i 1998. Tysdag blei to brør reinvaska for mistanke, nesten 20 år etter at dei blei peika ut som drapsmenn.

Rekonstruksjon Kevin-saken

I forbindelse med den nye etterforskinga av saka, har politiet rekonstruert ulike scenario for kva som skjedde då fireåringen døydde. Skadar han hadde på overkroppen, kan tyde på at han kan ha fått ein pall over seg, og mista livet av skadane.

Foto: Faksimile / Svensk politi

I nesten 20 år levde brørne Christian Karlsson og Robin Dahlén med drapsskuldingar. Dei var fem og sju år gamle då dei blei skulda for å ha teke livet av ein fire år gamal leikekamerat. Etter fleire timar lange avhøyr, utan at foreldra var til stades, fell politiet ei tilståing.

Etterforskinga blei teken opp att i fjor, etter ein dokumentar om saka. Der kom det fram at det blei gjort store feil i etterforskinga. Metodane som blei brukt under avhøyra, fekk også kraftig kritikk.

Rekontstruksjon Kevin-saken

Då Kevin blei funnen i 1998, låg han på ein lastepall i vasskanten. Inne på land låg det fleire pallar.

Foto: Faksimile / Svensk politi

I går presenterte etterforskingsleiar Niclas Wargren rapporten for gjenopptakinga, blei brørne reinvaska for mistanke.

– Dei har ikkje hatt noko med denne saka å gjere. Det er tvilsamt om det i det heile dreier seg om noko kriminelt.

Statsadvokat Niclas Wargren om frikjennelsen av brødrene i Kevin-saken

Etterforskingsleiar Niclas Wargren på pressekonferansen svensk politi arrangerte om Kevin-saka tysdag.

Testa ut alternativ teori

I den nye etterforskinga har politiet sett på alternative årsaker til at fireåringen døydde. Dei kan ikkje utelukke at han har drukna eller blitt utsett for seksuell vald, men dette blir sett på som mindre sannsynleg.

Men obduksjonsrapporten av Kevin viser at han hadde skadar i overkroppen som kan tyde på at fireåringen har vore utsett for ei ulukke der han har blitt klemt mellom to lastepallar.

– Det er eit svært sannsynleg scenario, seier Wargren til Expressen.

Rekonstruksjon Kevin-saken

I dette scenarioet står Kevin på pallen, og held den andre pallen opp sjølv. På den andre sida står nokon og trykker eller drar, og så fell Kevin. Men på pressekonferansen tysdag sa politiet at dei tvilar på at det har skjedd noko kriminelt i denne saka.

Foto: Faksimile / Svensk politi

Då Kevin blei funnen død ved eit vatn i 1998, låg han på ein lastepall. På stranda låg det fleire andre liknande pallar. Politiet har gjennomført rekonstruksjonar for å finne moglege forklaringar på kva som kan ha skjedd.

– Vi lét ein lastepall falle mot dokka, og har kome fram til at det er mogleg at ein lastepall har falt mot Kevin og påført han dødelege skadar, seier Wargren til SVT.

Ei endeleg dødsårsak er ikkje mogleg å kome fram til, men Wargren tvilar altså på at det ligg eit lovbrot bak.

Christian Karlsson forteller hvordan det føles å være renvasket for drapet på fire år gamle Kevin i 1998.

Christian Karlsson var letta og glad då det blei klart at han og broren er reinvaska for drapsmistankane dei har levd med i nesten 20 år.

Politiet beklagar

Både etter dokumentaren i fjor og på pressekonferansen tysdag måtte dei som etterforska saka i 1998 tole sterk kritikk. Dei fekk kritikk for ikkje å følge opp spor, og for måten forhøyra av dei unge gutane blei gjennomført.

Rekonstruksjon Kevin Saken

Politiet trur Kevin døydde etter ei ulukke. Brørne Christian Karlsson og Robin Dahlén, som i nesten 20 år har vore skulda for drap, er no sjekka ut av saka.

Foto: Faksimile / Svensk politi

No beklagar det lokale politiet for måten forhøyra blei gjort på, og for den påkjenninga dei mistenkte har levd med i nesten 20 år.

– Vi ber om unnskyldning til dei som har blitt ramma på denne måten. Særleg etter at den nye etterforskinga har kome fram til dette resultatet, seier kommunikasjonssjef Mats Nyhlén for politiet i region Bergslagen til SVT.

Han seier også at forhøyr av barn skjer på ein annan måte i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt