Hopp til innhold

Abu Bakr al-Baghdadi – nådelaus krigar og dyktig strateg

Den islamistiske opprørsgruppa ISIL tek kontroll over stadig nye område i Irak og Syria. Leiaren Abu Bakr al-Baghdadi blir karakterisert som brutal og nådelaus, men også som ein svært dyktig strateg.

al-Baghdadi

Abu Bakr al-Baghdadi er i ferd med etablere ein skikkeleg maktbase i Irak og Syria.

Foto: Khalid Mohammed / AP

Abu Bakr al-Baghdadi er ikkje fødd i Bagdad, slik namnet skulle tilseie, men i byen Samara rundt 110 kilometer nord for den irakiske hovudstaden. Truleg er dette berre eitt av fleire dekknamn han har brukt. Han er 43 år gammal, og er no den mektigaste og mest frykta islamistleiaren i heile Midtausten.

Krigarar i organisasjonen hans, ISIL, Islamsk stat i Irak og Levanten, hyllar leiaren sin for hans organisatoriske evner. Han har greidd å utnytte kaoset i Syria og den svake sentralmakta i Irak til å byggje opp ei svært slagkraftig opprørsgruppe.

NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen karakteriserer ISIL som den klart største tryggingsrisikoen i Midtausten, og på sikt også ein stor trussel mot Europa. Dette på grunn av dei mange europearane, også fleire norske statsborgarar, som har slutta seg til gruppa.

Terror-samanslåing

al-baghdadi

Dette skal vere eit bilete av ISIL-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi.

ISIL er eigentleg ei samanslåing av organisasjonen Al Qaida i Irak og Al Nusra-fronten i Syria, som begge vart knytte til det internasjonale terrornettverket til Al Qaida. Dette nettverket blir no leidd av den egyptiske augelegen Ayman al-Zawahiri (62), Han tok over etter at Osama bin Laden vart drepen i 2011.

Al-Baghdadi rauk uklar med leiaren for Nusra-fronten i Syria, Abu Mohammed al-Jawlani, som setje seg imot samanslåing av dei to organisasjonane. Han klaga dette inn for Zawahiri, som tok Jawlani si side i striden og annullerte samanslåinga mellom ISIL og Nusrafronten.

Etter dette sjekk ISIL til direkte angrep på Nusra-fronten for å jage dei ut av områda dei heldt i Syria. Ifølgje den britiske avisa The Guardian Trass har ISIL i dag har kontroll over 80 prosent av krigarane til Nusra-fronten i Syria.

Det har også blitt hevda at Al Qaida-leiaren har sagt at ISIL brukar altfor brutale metodar mot både fiendar og tidlegare allierte, og at ISIL ikkje lenger kunne vere ein del av nettverket.

LES OGSÅ: Disse fem herjer Midtøsten

– Oppdrag frå bin Laden

Det blir også sagt at då Osama bin Laden vart drepen i 2011, så var al-Baghdadi den einaste Al Qaida-leiaren som nekta å sverje truskap til den nye leiaren Ayman al-Zawahiri.

Det blir også spekulert i om Abu Bakr al-Baghdadi er i ferd med å utfordre Zawahiris leiarskap i Al Qaida. Han skal ha sagt at han fekk oppdraget med å etablere ein islamsk stat i Midtausten av Osama bin Laden

Ayman al-Zawahiri

Det blir spekulert i om al-Baghdadi vil utfordre Ayman al-Zawahiri som toppleiar i terrornettverket Al Qaida.

Foto: Anonymous / Ap

David Ignatius, Midtausten-ekspert og redaktør i Washington Post, ser det som sannsynleg at al-Baghdadi er mannen som kjem til å ta opp arven etter Osama bin Laden.

Det at han er så nådelaus på slagmarka, kombinert med hans organisatoriske og strategiske evner, har gjort ISIL meir attraktivt for unge jihadistar enn det tradisjonelle Al Qaida, leidd av Zawhiri, meiner fleire analytikarar.

Amerikanske styresmakter er fullstendig klar over kor farleg al-Baghdadi er. Dei har gjort fleire forsøk på å ta livet av han, men utan å ha lukkast. USA har sett ein pris på 10 millionar dollar, rundt 60 millionar norske kroner, på hovudet hans.

LES OGSÅ: Islamistene på frammarsj i Irak

LES OGSÅ: Al Qaida-gruppering har kontroll over Tikrit

I amerikansk fangenskap

Det er sikkert bittert å tenkje på for USA at ISIL-leiaren vart teken til fange av amerikanske styrkar i Irak i 2005, og han vart halden fanga i Camp Bucca heilt fram til 2009. Det er uklart kva som førte til at han vart sett fri.

Angrepet på Abu Ghraib-fengselet utanfor Bagdad i juni i fjor, då rundt 1000 fangar greidde å stikke av, blir sett på som det store gjennombrotet for ISIL. Rundt halvparten av fangane var truleg medlemer av Al Qaida i Irak.

Al-Baghdadi blir karakterisert som brutal og nådelaus. Han er kjend for å bruke svært brutale metodar for å få has på motstandarar, og at han ikkje nølar med å vende seg mot tidlegare allierte dersom det kan hjelpe han i å nå måla sine.

Det store målet er å skape eit islamsk kalifat over store delar av Midtausten.

LES OGSÅ: – Soldatar skifta til sivil og stakk av frå Mosul

I bakgrunnen

Lite er kjent om privatlivet til al-Baghdadi. Han held seg i bakgrunnen, og det blir spekulert i om at han omgir seg med medhjelparar som alle går under same namn som han. Dette for å forvirre dei som måtte vere ute etter han.

Det eksisterer berre to «offisielle» bilete av han, og han opptrer ikkje på videoar på Internett. Det blir sagt at han brukar maske når han snakkar til krigarane sine, slik at svært få av dei veit korleis han ser ut. Dette skal ha gitt han tilnamnet «Den maskerte sjeiken», ifølgje BBC.

Det er kjent at han tok ein doktorgrad i islam ved Universitetet i Bagdad, og at han seinare kjempa for fleire Al Qaida-relaterte grupper i Irak. I 2010 dukka han opp som leiar for gruppa Islamsk stat i Irak, før han vart leiar for det samanslåtte ISIL i 2013.

Han hevdar sjølv å vere direkte etterkomar av profeten Mohammed, grunnleggjaren av islam.

Mykje tyder på at al-Baghdadi har operert frå Syria det siste året, men ISIL-krigarar nyheitsbyrået Reuters har snakka med seier at Baghdadi har mange skjulte overraskingar for fiendane sine.

– Han har verkemiddel som han vil halde hemmelege til tida er inne, seier ein av krigarane

SISTE NYTT

Siste nytt