NRK Meny
Normal

Al Qaida-gruppering har kontroll over Tikrit

Den islamistiske opprørsgruppa ISIL har i dag teke kontroll over den irakiske byen Tikrit. Det blir også meldt om kampar i byen Samara.

ISIL-opprørarar i Irak.

Opprørarane frå ISIL har teke kontroll over nok ein stor by i Irak.

Foto: - / Afp

I går tok opprørsgruppa ISIL, som er knytt til Al Qaida-nettverket, kontroll over den nest største byen i Irak, Mosul, etter at store delar av tryggingsapparatet i byen overgav seg utan kamp . I dag stod altså Tikrit, fødebyen til den tidlegare diktatoren Saddam Hussein, for tur.

Irakiske soldatar i Bagdad.

Den irakiske hæren har i dag auka beredskapen i hovudstaden Bagdad etter ISIL-offensiven lenger nord.

Foto: AHMAD AL-RUBAYE / Afp

– Heile Tikrit er no under kontroll av opprørarane, seier ein politigeneral til AFP i ettermiddag. Han fortel at opprørarane gjekk til åtak på byen frå nord, vest og sør, og at dei har sett fri over 300 fangar frå eit fengsel i byen.

Det blir meldt om at minst 21 menneske er drepne i ein sjølvmordsaksjon i sjiamuslimske bydelen Sadr-byen i Bagdad. Til saman skal 37 vere drepne i diverse bombeangrep i sjia-område i Irak, seier tenestemenn i Bagdad.

LES OGSÅ: Abu Bakr al-Baghdadi – nådelaus krigar og dyktig strateg

LES OGSÅ: Islamistene på frammarsj i Irak

Lynoffensiv

ISIL, ei forkorting for Islamsk stat i Irak og Levanten, sette fri fleire hundre innsette frå fengsel i Mosul i går. ISIL deltek også aktivt i borgarkrigen i Syria og er kjende for sine brutale metodar.

Den siste offensiven i Irak starta måndag kveld. Sidan har dei teke kontroll over heile Niniveh-provinsen, der Mosul er hovudstad. Gruppa har også teke kontroll over store delar av provinsane Kirkuk og Salaheddin.

Tikrit er hovudstad i provinsen Salaheddin.

Irakiske styresmakter fryktar no at opprørarane vil halde fram offensiven heilt til Bagdad, og dei militære styrkane i byen styrkte i dag posisjonane sine i byen. Dei siste opplysningane om kampar i Samara, som ligg berre rundt 110 kilometer nord for hovudstaden, er med på å auke denne frykta.

Tyrkarar tekne til fange

Tyrkias generalkonsul i Mosul, Yulmud Udturk.

Tyrkias generalkonsul i Mosul, Yulmud Udturk, er blant 76 tyrkiske statsborgarar som er tekne til fange i Mosul.

Foto: MARWAN IBRAHIM / Afp

ISIL-opprørarane har i dag festa grepet sitt på Mosul. Dei har blant anna teke 48 tyrkiske statsborgarar til fange frå det tyrkiske konsulatet i byen. Blant desse er generalkonsulen, tre born og fleire medlemer av dei tyrkiske tryggingsstyrkane, seier ei kjelde i den tyrkiske regjeringa til nyheitsbyrået Reuters.

I tillegg til desse kjem 31 tyrkiske lastebilsjåførar, som vart tekne til fange i går.

Tyrkias statsminister Tayyip Erdogan har i dag halde eit møte i krisestaben sin, der blant andre sjefen for den militære etterretninga deltok. Utanriksminister Ahmet Davutoglu, som var på veg til New York for å halde tale i FN, har avbrote reisa på grunn av det som har skjedd i Irak.

– Tyrkia vil slå tilbake dersom nokon av våre statsborgarar blir skadde, seier Davutoglu i kveld.

NATO-ambassadørane heldt i kveld eit hastemøte om situasjonen i Irak. Tyrkia bad om eit slikt møte etter bortføringane av 80 tyrkiske statsborgarar. Det var snakk om eit reint informasjonsmøte, ikkje eit møte etter artikkel fire i NATO-traktaten. Denne artikkelen gir medlemslanda rett til å kalle inn til møte dersom tryggleiken til landet er truga.

Brennande lastebil nord i Irak.

Ein av hæren sine lastebilar i brann etter eit angrep frå ISIL nær Kirkuk.

Foto: STR / Afp

LES OGSÅ: PST mener de terrorsiktede utgjør fare for Norge, men alle tre vil løslates

LES OGSÅ: Dagbladet: Nok en nordmann drept i Syria

– Viktig erobring

ISIL-opprørarane rykte i dag også fram mot oljebyen Bajji, der dei blant anna har sett fyr på ein politistasjon og ein rettsbygning. Frå før har ISIL kontroll over byen Falluja og delar av byen Ramadi vest for Bagdad. Begge byane ligg i Anbar-provinsen.

Tryggingseksperten John Drake i AKE-gruppa seier til nyheitsbyrået AFP at erobringa av Niniveh-provinsen er viktig for ISIL.

– Tapet av Niniveh-provinsen lagar ein korridor mellom Anbar, Mosul og grensa til Syria. Det gjer det enklare å smugle våpen, pengar og menn mellom dei ulike frontane, seier Drake.

Han viser til at ISIL no kontrollerer fleire område i Syria, og at dei denne veka har gjenerobra fleire område i den strategisk viktige provinsen Deir al-Zor. Her er også taktikken å rykkje fram slik at dei kan få frakta forsyningar mellom dei ulike områda dei har kontroll over.

15 gonger så mange

Michael Knights ved Washington Institute for Near Eastern Studies opplyser at ISIL hadde 15 gonger så mange menn enn regjeringsstyrkane då dei tok over Mosul i går.

– I tillegg til å vere den nest største byen i landet, er Mosul også den politiske og økonomiske hovudstaden for det sunnimuslimske Irak, skriv han i ein kommentar for BBC.

Det går også føre seg kampar om Kirkuk sørvest for Mosul.

USA lova i går å gi all naudsynt hjelp for å slå tilbake opprørarane, som dei vurderer som ein trussel mot heile regionen.

Laster kart, vennligst vent...

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt