– Soldatar skifta til sivil og stakk av frå Mosul

Irakiske offiserar og politifolk i Mosul skifta over til sivile klede og stakk av då opprørarar frå islamistgruppa ISIL tok over Iraks nest største by i dag, seier ein lokal journalist, som sjølv flykta frå byen, til NRK.

Kvinner på flukt frå Mosul.

Så mange som 500.000 menneske har flykta frå Iraks nest største by Mosul dei siste dagane.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

ISIL, Islamsk styre i Irak og Levanten, ei gruppe som også er aktiv i den syriske borgarkrigen, tok i dag kontroll over den nest største byen i Irak, Mosul. I kveld kjem det også meldingar om at gruppa har teke kontroll over store område også i utkanten av nabobyen Kirkuk.

Journalisten Ghanem al-Abed frå Mosul.

Journalisten Ghanem al-Abed er ein av mange som har flykta frå Mosul etter at ISIL tok over byen.

Foto: Privat

Det svarte flagget til ISIL vaiar no over regjeringsbygningane i Mosul, og ein oberst i tryggingsstyrkane vedgår at forsvaret av byen har brote fullstendig saman.

– Terroristar har kontroll

– Vi har mist Mosul i dag. Både hæren og politiet har forlate posisjonane sine og terroristar frå ISIL har full kontroll. Tryggingsstyrkane har kollapsa fullstendig, seier obersten til nyheitsbyrået Reuters.

Både FN og USA reagerer sterkt på dei ytterleggåande islamistane i ISIL i dag har teke kontroll over den viktige byen Mosul i det nordlege Irak.

Amerikanske styresmakter, som trekte seg ut av Irak for to og eit halvt år sidan, oppmodar makthavarane i Bagdad til å slå hardt tilbake mot den islamistiske opprørsgruppa.

USA kallar situasjonen for «ekstremt alvorleg», og seier at ISIL no truar stabiliteten i heile regionen.

LES OGSÅ: Irakisk by i opprørernes hender: slapp fri 1400 fanger

LES OGSÅ: Gisselaksjon i Irak: – Vi vil gi dere en lærepenge dere aldri vil glemme

500.000 på flukt

Så mange som 500.000 menneske har flykta frå Mosul som følgje av kamphandlingane. 28 tyrkiske lastebilsjåførar, som køyrde diesel frå hamnebyen Iskenderun til Mosul, skal ha blitt bortførte, melder det tyrkiske nyheitsbyrået Dogan.

500.000 flykta frå Mosul i Irak.

Kaos ved ein kontrollpost utanfor byen Ibril då flyktningar frå Mosul ville inn i byen.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Den islamistiske opprørsgruppa skal også ha teke kontroll over flyplassen og fleire fly som stod på bakken

Ghanem al-Abed er journalist i Mosul. Han er ein av fleire tusen menneske som har flykta frå Mosul og teke seg til Arbil. Han fortel at regjeringa har mist kontroll over heile sentrum av byen. Både hæren og politiet har rømt frå stillingane sine, og dei har overgitt våpena sine til islamistane.

Kamphandlingar i Mosul i Irak.

Ein lastebil frå den irakiske hæren er skoten i brann i Mosul.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

– Det har vore ein total kollaps i kampmoralen, og nokre stader har soldatane forlate basane sine utan at det har vorte av fyrt eit einaste skot, seier Ghanem al-Abed på telefon til NRK i kveld.

– Kasta uniformene

Han kan fortelje at han såg soldatar som kasta frå seg uniformene og tok på seg sivile klede, før dei stakk av i ulike retningar.

Ghanem al-Abed er sterkt uroa for dei mange som er igjen i Mosul.

– Dette er ein fullstendig kollaps av tryggingsstyrkane

– Dei sivile i Mosul treng hjelp. Dei manglar medisinar og andre forsyningar. NO har hæren byrja å bombarderer byen med rakettar og bombekastarar. Situasjonen er vanskeleg for mange, seier han.

– Døde i gatene

Ein journalist frå nyheitsbyrået Reuters i Mosul seier at han såg døde soldatar og politifolk i gatene, fleire av dei tydeleg mishandla.

– VI har ikkje sjanse til å slå dei tilbake. Dei er godt trente i gatekampar og det er ikkje vi. Vi treng ein heil hær for å drive dei ut av Mosul. Dei er som gjenferd. Dei kjem, går til angrep og så forsvinn dei i løpet av få sekund, seier ein offiser i den irakiske hæren i Mosul til Reuters

FNs generalsekretær Ban Ki-moon seier han er sterkt uroa over situasjonen i Mosul.

– Generalsekretæren ber alle politiske leiarar om å stå samla mot truslane som Irak står overfor, og som berre kan handterast med grunnlova som basis og innanfor ein demokratisk politisk prosess, seier Bans talsmann Stephane Dujarric.

Ber frivillige om hjelp

Iraks statsminister Nuri al-Maliki bad i dag nasjonalforsamlinga erklære unntakstilstand i Mosul. Han oppmoda også irakarar til å melde seg frivillig til å kjempe mot opprørarane i byen, og at dei vil få delt ut våpen og utstyr.

Al-Maliki bad også at støtte frå FN, EU og Den arabiske liga i kampen mot terroristane.

Opprørarane sette fyr på fleire politistasjonar og sette over 1400 fangar fri frå fengsla i byen. Ifølgje TV-kanalen Al Sumaria styrer den Al Qaida-tilknytte gruppa både flyplassen, fleire offentlege kontor og to fjernsynskanalar i byen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt