Hopp til innhold

– Har klart å spele av opptak frå taleregistratoren

Havarikommisjonen i Frankrike har klart å spele av opptak frå taleregistratoren. Men det vil ta fleire veker å analysere opptaka. «Skalet» av ferdskrivaren skal også vere funnen.

Taleregistratoren i det stryrtede Germanwings-flyet

Taleregistratoren til det styrta Airbus 320 flyet kom tidlegare i dag til Paris. No skal også ferdskrivaren vere funnen.

Foto: reuters

Ifølgje New York Times har ferdskrivaren fått store skadar. Mellom anna skal minnekortet ha losna og vere forsvunne. Den franske havarikommisjonen seier dei ikkje har funne innhaldet av ferdskrivaren enno.

Dette vart bekrefta av den franske presidenten François Hollande under ein pressekonferanse nær ulukkesstaden.

Tidlegare har taleregistratoren blitt funne på ulukkesstaden.

Havarikommisjonen sier de vil trenge et par dager til å analysere lydopptaket fra cockpiten.

Remi Jouty under pressekonferansen til BEA, den franske havarikommisjonen.

Har spelt av opptak frå taleregistratoren

Den franske havarikommisjonen BEA har på ein pressekonferanse kunngjort at dei har klart å spele av eit opptak av taleregistratoren. Dei seier samtidig at det vil ta tid før etterforskarane vil klare å danne seg eit bilde av kva som skjedde i cockpit rett før ulukka inntrefte.

– Det vil ta nokre dagar før vi har eit grovt bilde, og fleire veker før vi har det fulle bildet, sa direktøren for den franske havarikommisjonen, BEA, Remi Jouty.

Laster Twitter-innhold

Flyet tapte høgde

Jouty viste også fram ein grafikk som beskriver korleis flyet hadde tapt høgde. Han seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka, men at etterforskarane held alle mulegheiter opne.

Tapte høgde

Grafikken frå den franske flyhavarikommisjonen viser at flyet mista høgde.

Foto: Faksimile

Han legg samtidig til at det er svært usannsynleg at det kan vere terror. beviset på dette er at flyet vart knust til pinneved då de traff bakken. Hadde flyet eksplodert i lufta, ville vrakdelane ha vore mykje større.

Fleire spanjolar bekrefta omkomne

Spanske styresmakter auka i dag talet på omkomne frå Spania til 51. Sjefen for flyselskapet Germanwings har tidlegare sagt at 72 av dei 144 passasjerane var tyske. Blant dei 16 elevar som var på veg heim frå skuletur.

Amerikanske styresmakter bekreftar at to av dei omkomne var amerikanske statsborgarar. Ein mann frå Virginia bekreftar det var kona og dottera hans.

Statsleiarar besøkte ulukkestaden

Samtidig har tyske, franske og spanske statsleiarar besøkt ulukkestaden i dei franske alpane.

FRANCE-CRASH/ France's President Francois Hollande (C) embraces Spain's Prime Minister Mariano Rajoy as German Chancellor Angela Merkel (2nd R) look on while they walk on a field near the crash site of Germanwings Airbus A320 near Seyne-les-Alpes

Rajoy og Hollande klemmer kvarandre. Merkel ser på.

Foto: HANDOUT / Reuters

Angela Merkel, François Hollande og Mariano Rajoy vart orienterte om leiteinnsatsen og dei takka alle arbeidarane.

– Vi står skulder ved skulder med alle nasjonar som er råka av denne ulukka, sa Hollande under ein pressekonferanse i ettermiddag.

Franske styremakter offentleggjorde også eit bilde av Merkel og Hollande i helikopter over ulukkesstaden.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt