Hopp til innhold

Trakk lodd om kven som skulle få reise

Elevane trakk lodd om kven som skulle få reise til Spania. Dei kom aldri tilbake.

Klassebilde

Bilde av dei 16 omkomne elevane saman med spanske vener.

Foto: EBU

Eit fotografi av dei 16 elevane og 2 lærarane som omkom i Germanwings ulukka vart i dag offentleggjort. På bildet er dei saman med elevar som dei besøkte i Spania.

Elevane kom frå den rolege tyske tettstaden Haltern am See, med 37.000 innbyggarar.

Skulen dei gjekk på, Joseph-Koenig gymnaset kunngjorde i dag namna på alle dei omkomne på sine heimesider.

Namna på dei omkomne

Namna på dei døde vart offentleggjort på Joseph-Koenig gymnaset si heimeside.

Foto: Faksimile

Trakk lodd

Dei trakk lodd om kven som skulle få reise på skuletur til Barcelona. Førti elevar søkte om å få bli med på den populære reisa til Spania. Lærarane valde ut elevane med loddtrekning.

Skulen vil aldri bli den same igjen

På bildet som er offentleggjort står dei tyske elevane same med spanske. Nye vener dei hadde fått på turen.

– Det skulle vere ei reise full av glede, ein populær utvekslingstur vi har organisert dei siste seks åra. No vil skulen vår aldri bli den same, fortel rektor Ulrich Wessel ved Joseph-Koenig gymnaset til nyheitsbyrået Reuters.

Trehundre pårørande til ulukkesstaden i morgon

Lufthansa stiller i morgon to fly, eit frå Düsseldorf og eit frå Barcelona, som i morgon skal fly pårørande til Marseilles. Derifrå vil dei ta buss til området der flyet styrta.

Kvart fly har 150 sitteplassar, og ein reknar difor med at det vil kome 300 pårørande til dei franske alpane.

Direktøren for Germanwings, Thomas Winkelmann, sa under ein pressekonferanse at dei vil betale reisekostnadane for pårørande som bur på andre sida av Atlanterhavet.

SISTE NYTT

Siste nytt