Hopp til innhold

Dei baltiske landa har gjenopna grensene seg imellom

Litauen, Latvia og Estland dannar den første «reisebobla» i Europa. Med det kan innbyggjarane i dei tre baltiske statane reise fritt til kvarandre.

To unge kvinner på fortauskafe i Vilnius i Litauen 14. mai 2020

GJENOPNA GRENSER: To unge kvinner på fortauskafe i hovudstaden i Litauen, Vilnius, torsdag kveld. ved midnatt opna dei baltiske landa grensene seg i mellom.

Foto: Mindaugas Kulbis / AP/NTB Scanpix

Grensene mellom dei baltiske statane vart opna på slaget midnatt, natt til fredag.

Dei tre landa har valt å opne grensene seg imellom for å få økonomiane på fote igjen, seier Litauens statsminister, Saulius Skvernelis.

– Den baltiske reisebobla er ei moglegheit for selskap til å gjenopne, og gir eit lite håp for innbyggjarane om at livet er på veg tilbake til normalen, seier Skvernelis i ei pressemelding.

Tilreisande til regionen frå andre land må framleis i 14 dagars karantene når dei kjem.

Laster Twitter-innhold

Les òg:

SISTE NYTT

Siste nytt