Med få unntak opnar det danske samfunnet heilt igjen når alle innbyggjarar over 50 år er vaksinerte, opplyser statsminister Mette Frederiksen (S).
Partia i det danske Folketinget annonserte seint måndag kveld at dei har blitt samde med statsministeren om ein plan for neste steg av gjenopninga av samfunnet. 80 prosent av heile Danmark stengde ned i desember på grunn av rekordhøge smittetal.
– Vi er samde om at det er eit veldig, veldig viktig haldepunkt når alle over 50 år er vaksinerte. Det er likevel nokre føresetnader, som at vi held smittetalet nede og bruker koronapass, seier Frederiksen.
Innfører koronapass
Ordninga med koronapass betyr at innehavaren skal kunne dokumentere at vedkommande anten er vaksinert, har ein negativ koronatest frå dei siste 72 timane eller tidlegare har vore smitta.
Dokumentasjonen skal i første omgang liggje føre i appen «MinSundhed», melder Danmarks Radio.
Tatovering og massasje etter påske
Opninga skal skje steg for steg heilt til alle sårbare grupper og borgarar over 50 år har fått tilbod om vaksine.
Den tverrpolitiske avtalen inneheld ein plan for når ulike verksemder kan opne igjen og når skuleelevar kan komme tilbake til skulen.
Det er venta at dei fleste restriksjonar er letta i mai om vaksinasjonstempoet blir halde oppe.
Etter påske, nærare bestemt 6. april, får yrkesgrupper som frisørar, fysioterapeutar, massørar og tatovørar igjen ta imot kundar.
Vilkåra er at innehavarane kan leggje fram koronapass. Det er i tillegg påbod om munnbind eller visir. Barn under 15 år er unnatekne frå reglane.
Frå 13. april kan det som blir omtalt som «mindre kjøpesenter» opne dørene igjen, medan større kjøpesenter og varehus må vente til 21. april med å opne.
Dette er datoane for gjenopning.
Skular opnar gradvis
Også skulane opnar meir etter påskeferien. Partia er samde om at elevar i 5. til 8. klasse på Sjælland, Jylland og Fyn skal få komme oftare på skulen. Det same gjeld ungdomsskuleelevar som ikkje er avgangselevar.
Det er berre elevar på Bornholm og andre ikkje-brufaste i landet øyar som får komme tilbake til skulen for fullt over påske.
Avtalen om fjerne restriksjonane gradvis er støtta av eit breitt fleirtal i det danske Folketinget. Berre Nye Borgerlige står utanfor avtalen. Partiet trekte seg frå forhandlingane fordi dei er imot å innføre vaksinepass.